Peder Christopherson til Fosser - eg reknar med det er tale om Fosser i Høland(?) - er ifølgje ei jordebok dagsett 1. oktober 1624 - (jmf. RA, Stattholderembetet 1572-1771, Ek/L0007: Jordebøker til utlikning av rosstjeneste 1624-1626:, 1624-1625, s.175 ff.) eigar av ein del pantegods og kjøpegods, men ikkje noko arvegods!
Same mann hadde i 1622 selt ein del jordegods i garden Kroken i Luster til Simon Nilsson. Dette var arv som kona Elsebe Olsdotter f. Teiste hadde fått etter mormori Anna Johansdotter Kruckow. Ho hadde før vore gift med kannik og domkantor til Domkyrkja i Oslo, Claus Berg, truleg død kring 1614, og hadde hatt åtte born i dette ekteskapet. Elsebe var truleg fødd på Bjelland i Kvinnherad kring 1575 og skal ifølgje ei innførsle hjå GENI vera avlidi før 1620!?
https://www.geni.com/people/Elsebe-Berg/6000000014580139464
Men kven var Peder Christopherson til Fosser, kva tid levde han og kva yrke/tittel hadde han? Kven var ervingane hans?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!