Anna M. Söderberg, oppgjeven fødd i Sverige kring 1870, utvandra kring 1895 og gifte seg i Los Angeles, CA 14.8.1905 med enkjemannen Nicholas A. Johnson frå Bergen, omskriven i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/236795-kari-olsdotter-eide-1832-1896-frå-luster-til-bergen-og-gift-med-john-johnsen-frå-nordfjord-1831-1886-kvar-vart-det-av-alle-sønene-deira-new-york/
Nicholas døydde i 1909, men Anna levde som enkje i mange år etter, og eg TRUR det er ho som gøymer seg attom dette dødsfallet i Los Angeles, CA frå 1965.
~~~~~~~~~~~~~
Name:
Anna M Johnson
Event Type:
Death
Event Date:
05 Aug 1965
Event Place:
Los Angeles, California, United States
Birth Date:
15 Nov 1869
Birthplace:
Sweden
Gender:
Female
Mother's Name:
Jacobson
~~~~~~~~~~~~~
Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera Anna?
* Fullt namn?
* Dato og stad for fødsli hennar?
* Utvandringsåret hennar?
* Fulle namn på foreldri hennar med bustad, yrke til far og opphav til båe?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!