Eg har vanskar med å få stadfest nokre av opplysningane om denne huslyden Jensen og lurer på om nokon kan hjelpa meg?
Eg syner til manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~
Bertha Andersdotter Teigen, f. {i Hafslo} 9.9.1880,
Bertha Teigen flytte i ung alder til Bergen der ho 11.6.1907 gifte seg med Jens Holger Sylvester, kjend som Sylvester Hansson Jensen frå København. Han var son av høker Hans Jensen i København og kona Karen Sofie f. Pedersen og f. i København 31.12.1876, men flytte til Bergen i ung alder som restauratør. Bertha og Sylvester var ei tid hotellstyrarar på Solstrand i Os, men flytte derifrå i 1908 og var sidan hotelleigarar på Kvamshaug, Eikedalen i Samnanger der Sylvester d. 12.9.1933. Bertha Jensen d. i Bergen 26.1.1965. Dei fekk to søner i lag:
a. Hans Holger Jersin Sylvester Sylvesterson Jensen, kjend som Hans Holger Sylvester-Jensen, f. i Bergen 12.10.1907, d. i Bergen 4.1.1965. Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 10.3.1937 med Solveig Theresia Edvardsdotter Vaksdal frå Bergen, f. i Bergen 2.8.1907. Ho d. i Bergen 21.6.1998. Hans Holger var tannlækjar, medan Solveig var kontordame. Dei budde i Bergen og fekk to born i lag.
b. Thor Sylvester Holgerson Jensen, f. i Kvam 13.8.1918,
##### (sjekka at denne fødestaden stemmer - skal det ikkje vera Samnanger?)
d. på eit sjukehus i Bergen 8.5.2001. Han gifte seg i Trondheim 10.11.1950 med Hildur Haldorsdotter Osebakken frå Eikelandsosen i Fusa, f. i Fusa 31.10.1920.
##### (eg har òg fått oppgjeve fødselsdatoen 13.9.1920 - kva er rett? - kanskje finst det ei dødsannonse?)
Ho d. på eit sjukehus i Bergen 6.3.2005. Thor var lækjar, medan Hildur var sjukepleiar. Dei budde mange år i Gravdal på Laksevåg, men flytte i 1991 som pensjonistar til Fantoft i Fana, Bergen. Dei fekk tre born i lag.
~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!