Erik Christopherson Rønnei - i Amerika kjend som Erick C. Reno, er ein person frå Luster som eg ikkje lukkast finna ut særleg mykje om då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet. Han og kona (eg har ikkje greidd å finna vigsli deira!) budde ei tid i Dickinson Co., IA. Erik «forsvinn» ein gong mellom 1885 og 1897, men om han døydde eller kva som skjedde, veit eg ikkje....?
Eg trur kona Martha Danielson kom frå Sand i Ryfylke, og derifrå kom truleg òg den 15 år yngre andre mann hennar, Martin Kittelson, som i Amerika nytta namnet Martin RENO, som ho gifte seg med i Seattle, WA i 1897. Om eg har tolka dokumenti rett, so budde dei ikkje so lenge i lag, og eg gissar på at mannen vart kvalfangar før han fór attende til Noreg!?
Det ser òg ut til at Erik og kona adopterte ein nevø av kona, men han veit me ikkje noko om!
Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg med manglande opplysningar om denne huslyden, og manuskriptet mitt ser no slik ut:
~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter meir «fotarbeid» har eg greidd å oppdatera delar av dette manuskriptet, og ny versjon følgjer i Innlegg #2 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!