Eg vil aller først syna til dette gamle emnet som eg tok opp att i går: https://forum.arkivverket.no/topic/199030-johannes-johannesson-1806-og-bertha-hansdotter-1818-gifte-i-sogndal-1848-då-busette-i-lærdal-utfordring-kvar-vart-det-av-dei-toten/
Bertha Hansdotter (f. Foss i Sogndal 7.10.1818) utvandra til Amerika frå Lærdal i 1853, og etter ho vart enkje i Dane Co., WI i 1867, då hadde namnet Bertha JOHNSON.
Ved FT1900 for Stoughton, Dane Co., WI finn me denne huslyden (Dwelling #248): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6L2G-GN
Dette er huslyden til smeden Nils Torbjørnson Rudsvik frå Kaupanger i Sogndal, alias Nels Thompson med kone Bertha og borni deira, samt:
«aunt» Bertha SHILLESTAD, enkje, fødd i Noreg des. 1817, utv. 1855 - ingen born fødde eller i live
Den etterlyste Bertha Hansdotter f. Foss var tanta til Bertha Thompson (ei søster til mor hennar), og etter det eg kan sjå, hadde korkje Nels eller Bertha Thompson noki anna tante som kan høva!
Me finn Bertha Shellestad òg i FT1910, då busett på Skaalen gamleheim i Stoughton, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYX-9QCD
Her står ho rett nok som fødd 1816 og utvandra 1850 og ugift, men det MÅ vera same dama!
Og her er ho som Bertha Skillestad i FT1905 - enkje, f. 1817 - på same gamleheimen i Stoughton: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/1550983:1055?_phsrc=00898745&_phstart=successSource&gsfn=bertha&ml_rpos=1&queryId=e605aee5c3f2d35137ea517a50c725c4
Her er so gravi hennar frå Skaalen Home i Stoughton, WI, døydde 2.9.1910, fødd 17.9.1817: https://www.findagrave.com/memorial/198632672/bertha-skillestad
Utfordringane mine er no:
** Er det mogeleg å finna Bertha Johnson Shellestad i FT1870 og FT1880?
** Korleis fekk ho namnet Shellestad? - Var ho kan henda attgift? Ho var berre 49 år gamal då ho vart enkje i 1867!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!