Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande barnedåp registrert i Mo i Telemark for:
Margit, fødd 29.7.1846 og døypt 30.8.1846 av foreldri Torjus Vetleson og Margit Iversdotter, gardfolk på Slettetvedt i Mo: https://media.digitalarkivet.no/view/1388/23
Og her finn me vigsli til foreldri i Mo 8.2.1837, Torjus Vetleson Haatvedt 25 og Margit Iversdotter Haatvedt 22: https://media.digitalarkivet.no/view/8006/140
Margit «Margaret Wilson» gifte seg i Dane Co., WI 18.4.1867 med Ole Monsson Lamhagen frå Luster, fødd 1839, utvandra 1861, men vart enkje i 1897 og flytte sidan til Milwaukee, WI og derifrå til Los Angeles, CA. Utvandringsåret hennar er i 1900 oppgjeve til 1861:
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LSS-DVJ
medan seinare teljingar gjev oss 1869 og 1872 som utvandringsår, som me veit må vera feil, men so var Margaret òg ganske so «flink» til å ljuga på alderen sin...!
Er det nokon med lokal kunnskap i Mo i Telemark, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, som kan hjelpa meg finna ut:
** Frå kva gard/plass hadde Torjus Vetleson opphavet sitt?
** Frå kva gard/plass hadde Margit Iversdotter opphavet sitt?
** Kva år utvandra denne huslyden, og særleg Margit, til Amerika?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!