Ein av forfedrane mine var:
Mikkel Halvorson, gardbrukar på Oppen i Norderhov (1635-1683). Han var son av
Halvor Torstenson, gardbrukar på Sole (1585-1674), og kona Kari Haagensdotter frå Båsum. Halvor var son av
Torsten Bjørnson, gardbrukar på Sole (1553-1627), og kona Aase Reiersdotter frå ??. Torsten var son av
Bjørn Evenson, gardbrukar på Sole (1525-1558), og kona Turi Narvesdotter frå Kopseng.
Bjørn skal ha vore frå Sole, og ancestry.com har nokre fantasifulle forslag kring opphavet til faren Even....
Er det nokon som kjenner betre til denne ætti og som kan bidra med supplerande opplysningar, kan henda frå bygdeboki for Sigdal og Eggedal, som eg ikkje har tilgjenge til...?
Ikkje berre er Halvor Torstenson den agnatiske forfaren til min oldefar, Colbjørn Olson, gardbrukar på Narverud i Norderhov (1838-1910), som ættar frå sonen Mikkel, men eg har dessutan ei linje i slekti mi som fører attende til sonen Reier, gardbrukar i Omlia i Eggedal, to linjer som fører attende til sonen Narve, gardbrukar på Veme i Norderhov, og heile tre linjer som fører attende til dotteri Aase, gardbrukarkone på Kopseng i Eggedal. Eg ser soleis på Halvor Torstenson Sole som eit slag «superspreiar» av etterkomarar. Det er berre so merkeleg at eg har so store vanskar med å finna 100% agnatiske etterkomarar etter denne ætti!
Eg syner til dette emnet der eg tek opp spørsmålet kring ein DNA-analyse av denne slekti: https://forum.arkivverket.no/topic/257125-agnatisk-etterslekt-etter-erik-olson-narverud-1823-og-haagen-erikson-narverud-1801-frå-norderhov-leiting-etter-nolevande-mannlege-etterkomarar-for-dna-analyse/
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!