Eg har i lengre tid slite med å identifisera ein huslyd som kom ifrå Bindalen og flytte til Måsøy i Finnmark. Finst det ei bygdebok for Bindalen som kan hjelpa meg «forstå» denne huslyden litt betre?
FT1801 Øksningen i Bindalen syner Andreas Olson, 27 år, tenar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058467005531
FT1801 Øksningen i Bindalen syner Gunnhild Ingebrigtsdotter, 28 år, tenar (eit par linjer under Andreas): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058467005534
Gunnhild Cathrine Ingebrigtsdotter (dotter av Ingebrigt Svendson) vart døypt i Bindalen, frå garden Skaaren i 1774 (heilt øvst på venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/16517/48
Ein Anders Olson (son av Ole Nilsson) vart døypt i Bindalen 20.4.1772, frå garden Toesbotn(?), men eg tviler sterkt på om det er «vår» mann: https://media.digitalarkivet.no/view/16517/41
Andreas og Gunnhild gifte seg i Bindalen 14.10.1804, og båe er då kalla Øksningen: https://media.digitalarkivet.no/view/16519/252
Andreas og Gunnhild busette seg tydelegvis på Hongbarstad i Bindalen, men kva yrkestitel hadde dei?
** Son Enok Johan konf, 1823 - Hongbarstad
** Dotter Ingeborg Marie konf, 1830 - Hongbarstad
Dødsfallet til Gunnhild Ingebrigtsdotter, «kone af Hongbarstad» 18.11.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/16499/82
Andreas gifte seg att i Bindalen 17.7.1835 og er då kalla innerst på Hongbarstad: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002541811
Men då sonen Christian Manasses vart døypt i 1837, var faren innerst på Lande: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012704814
Og då sonen vart konfirmert i Bindalen i 1852, er det oppgjeve Lande som fødestad og Solfjord som bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/2537/108
Dei store utfordringane mine her, som eg vonar bygdeboki kan løysa, er følgjande:
*** Kva gard/plass var Andreas Olson fødd og oppvaksen på?
*** Kva yrke hadde Andreas Olson og kvar (gard/plass) budde han på? Dødsstaden hans?
*** Kva er oppgjeve som føde- og oppvekststad for andre kona Berit Marie Fredriksdotter?
*** Sonen Christian Manasses Andreasson nytta delvis ættenamnet Løb - kan dette namnet knyttast til opphavet hans i Bindalen?
Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!