Hei!
I går vart eg oppringt heile fem gongar frå 9-sifra norske nummer: 406744363, 406742446, 406743129 og 2 x 406748439.
Når eg prøver å ringja slike nummer frå Tyskland, får eg feilmelding om at nummeret ikkje finst! Og kanskje kan det vera like bra!? Er det skam, eller er det so at dei no har børja nytta 9-sifra telefonnummer i gamle Noreg? Slepp dei opp for 8-sifra nummer? I Tyskland har mobilnummeri forval på 4 siffer pluss anten 7 eller 8 siffer avhengig av kor gamalt abonnementet er...
Er det nokon som har erfaring med slikt i Noreg? (Pussig nok har den norske telefonen min òg nummer som børjar med 40674, men med berre tre siffer etterpå!)
Takkar for tips!