Mange personar frå ulike bygder på Vestlandet vart spedalske, og dei fleste hamna før eller sidan anten på:
St.Jørgen Hospital, eller på
Pleiestiftelsen i Bergen, men kan nokon fortelja meg kva som var forskjellen?
I ein søskenflokk frå Dalsøyri i Luster kom to søsken på St. Jørgen, og dei har me fine opplysningar om. Men eit tredje søsken var:
* Rannei «Randine» Johannesdotter Dalsøren, fødd i Luster 26.2.1840. FT1865 syner ho som pasient på Pleiestiftelsen i Bergen, og ho døydde der 21.6.1932, 92 år gamal! Etter mine begrep må det no vera svært so sjelden at spedalske lever til ein so høg alder...!?
Lagnaden hennar har vore drøfta før: https://forum.arkivverket.no/topic/197654-løyst-randine-dalsøren-kring-70-år-pasient-på-pleiestiftelsen-for-spedalske-i-bergen-skifte-1932/?tab=comments#comment-1671338
Korleis finn me tidspunktet for innflyttingi hennar på Pleiestiftelsen? Det ser iut som protokollane ikkje børjar før i 1865...: https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=all&archive_key=&sc[]=hm&m[]=1301
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!