Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'spetz'.
Fant 1 resultat
-
Huslyden til gardbrukar Christen Torstenson Rønnei (1808-1888) er ein som eg sleit med for over 30 år sidan. Kontakt med etterslekt i Noreg gav ikkje noko resultat, men noko fann eg då ut, og når eg no har sett litt meir på denne huslyden, er det dukka eitt og anna nytt... Men no møter eg veggen og set min lit til Brukarforum... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Christen Torstenson Rønnei, opphavleg frå Kalhagebakken 1 under Rønnei, vart døypt 30.10.1808 og d. som gardbrukar på Rønnei 27.10.1888. Han gifte seg i Hafslo 13.11.1838 med Britha Ingebrigtsdotter frå Stølen under Mareim i Hafslo. Ho var f. på Bollingberg i Gaupne 15.11.1817 og d. som kårenkje på Rønnei 18.1.1903. Christen og Britha var først plassfolk på heimeplassen hans på Kalhagebakken 1 under Rønnei, men 20.10.1846 fekk Christen skøyte på dette bruket hjå Lars Larsson; han og Britha flytte då hit og vart buande her levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag: 1. Anna Christensdotter (1841-1856). 2. Andrea Christensdotter (1844-1926), vart gift med husmann Anders Henrikson i Lunden 4 under Rønnei (1850-1929). 3. Bertha Christensdotter (1846-1918), vart gift med gardbrukar Lars Rasmusson Erdal på Øvrebø østre, Øvrebø (1837-1916). 4. Ingebrigt Christenson (1848-1926), fekk ta over heimebruket her på Rønnei etter foreldri. 5. Torsten Christenson, f. 6.9.1851, Thom Runice utvandra til Amerika i 1880 ##### (verify name? – supposedly resided in MN – not heard from after about 1894 – destiny!?) 6. Nils Christenson, f. 25.9.1854, Nels Runnice utvandra til Amerika i 1882 og var sidan heime på vitjing i 1887. Han gifte seg første gongen i Spokane, Wash. 24.10.1889 med Hannah Hansen. ##### (who was she? – did she die or were they divorced? – info?) Nels gifte seg so att i Spokane, Wash. 25.12.1901 med Hilda Nordby ##### (who was she? – born Norway about 1865 or June 24, 1862? – sister Marie born Norway about 1881 – she res. Los Angeles, CA 1901! – apparently emigrated 1898: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1263/images/e003554858?treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx24076&_phstart=successSource&pId=655373 Nels Runnice var målar («house painter»), og han og Hilda budde ei tid i Wallace, Shoshone Co., Idaho, men flytte kring 1905 til Avalon, Los Angeles Co., Cal. Kring 1928 flytte dei so som pensjonistar inn på ein gamleheim i San Francisco, Cal. der Hilda d. 18.2.1941. Nels Runnice d. same staden 17.3.1941. Dei var barnlause. 7. Anna Christensdotter (1859-1901), d. ugift på Rønnei. 8. Britha Christensdotter, f. 9.2.1863, Bertha Runice utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1889 med Frans Oscar Johansson Spets frå Tunhem i Älvsborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Oscar Spetz. Han var son av ##### (yrke? – kalla soldat i 1864!) Johan Peter Johansson Spets i Tunhem, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Anna Brita Andersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Tunhem, Älvsborgs län, Sverige 11.8.1864, men utvandra til Amerika i 1881. Oscar Spetz var jarnbanearbeidar og sidan gruvearbeidar («railroad worker and miner»). Han og Bertha budde nokre år i Spokane, Spokane Co., Wash., men flytte i 1896 til Butte, Silver Bow Co., Mont. der Oscar d. 27.11.1940. Bertha Spetz, som var sjuk i mange år, d. i Warmsprings, Mont. 20.3.1945. Dei fekk to born i lag: a. Carl Edwin Spetz, f. i Spokane Co., Wash. 18.10.1890, d. i Madison Co., Mont. 2.8.1941. Han gifte seg i Butte, Mont. 2.6.1913 med Hedvig Elvira, kjend som Hattie Johnson. Ho var f. i Silver Bow Co., Mont. 8.1.1891 og d. i Hardin, Mont. 22.8.1975. Carl Spetz var jarnbaneelektrikar («railroad electrician»), og han og Hattie budde i Piedmont, Jefferson Co., Mont. Dei fekk tre born i lag. b. Caroline ##### (middle name?) Spetz, b. Caroline ##### (middle name?) Spetz, ##### (born about 1893 – died at a young age – details?) ~~~~~~~~~~~~~ Særleg er eg oppteken av dei to konene til Nils, og eg lurer svært på kvar det vart av Torsten... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive