Dette er nok ei sak som eg strevde med for om lag 35 år sidan og som eg den gongen, grunna manglande eller utilgjengelege kjelder, laut gje opp. Kanskje det no er mogeleg å finna ut litt meir om denne huslyden?
Eg attgjev frå eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Lars W. er dette mauskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #4 nedanfor!
Det er ikkje so mykje som manglar, men kanskje særleg viktig er det for meg å finna ut:
** Opplysningar om Ole Olson Lea i Høyland?
** Kven var Martha Torgersdotter Stahlsberg?
** Lagnaden til Anna Larsdotter Lea, fødd 1818?
** Lagnaden til Anne Helene Lea, som truleg døydde i Bergen mellom 1885 og 1991?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!