Eg veit ikkje om eg er åleine med å ergra meg over den sokalla stavekontrollen, som ligg inne i ulike versjonar av Word. Eg har so ofte opplevd å senda e-postar der eg i ettertid les eit heilt anna innhald enn det eg skreiv - kan henda p.g.a. bruk av nynorsk eller kanskje har eg sjølv stava ordet feil, med det resultat at stavekontrollen automatisk er komen med eit heilt anna ord som ikkje høver i det heile!
I mange tilfelle (men ikkje alltid!) vert ein liten åleineståande «i» i eit Word-dokument automatisk konvertert til ein stor «I», so eg lyt gå attende for manuelt å endra på dette, dersom eg oppdagar det!
Eg har freista «googla» på stavekontroll, men finn ikkje noko vettugt svar på denne problemstillingi! Alt vert sagt på ein altfor «teknisk» måte at me vanlege folk har vanskar med å forstå...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!