Eg syner i denne samanhangen til ei sak som er innskrivi i denne tingboki for indre Sogn frå 17.7.1713: https://media.digitalarkivet.no/view/30754/110
Saki børjar midt på vesntre side med:
»Niels Suangstuen stefnet Anne Lindeflaten til betahling for .....»
Mann hennar Anne hadde fått ei yting som Niels aldri hadde fått betaling for, og son hennar (ikkje namngjeven) stod fram og sa at hans «salige fader» hadde betalt dette til Peder Theiste.
Slik eg forstår denne domen, laut Anne Lindeflaten betala til Niels, med mindre det kunne framleggjast prov for at Christopher Stenen alt hadde betalt dette til Peder Theiste!
No veit me at kona til Christopher (Olson) Stenen heitte Anna (Bendiksdotter), og dei hadde to søner i lag.
** Kan me tolka dette slik at Christopher Stenen var den «salige fader» og soleis mann til Anne Lindeflaten (som i so fall må ha flytt frå Stenen til Lindeflaten etter ho vart enkje)?
Eg ville setja stor pris på om nokon kunne sjå på denne saki og hjelpa meg med ei tolking og takkar so mykje på førehand for hjelpi!