I følgjande tema:
https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/
er det gjennom denne vigsli på Bakklandet ved Trondheim 3.4.1881 dukka opp ei utfordring med svensk «tilsnitt»:
https://media.digitalarkivet.no/view/3034/31
Brudgommen er steinhoggar Johan Peter Andersson, fødd i Stenkyrka socken i Bohuslän i 1854 som son av innerst Anders Pehrson!
Er det mogeleg å få hjelp til å finna ut:
* Nøyaktig dato og stad for fødsli til Johan Peter?
* Fulle namn på foreldri hans med yrkestitel på far og opphavi til både far og mor?
* Eventuelle opplysningar om levnadsløpet til Johan Peter? (Eg finn ikkje dette parfolket att i norske kjelder etter 1881...)
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!