Eg freister finna fleire detaljar om denne jenta frå Jostedalen som i si tid flytte til England og lurer på om nokon har tips å komma med:
Martha Olsdotter VEUM, fødd i Jostedalen 20.4.1889, var i 1910 husstyrar på Tørvis hotell i Marifjøra: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036724003693
og i 1912 kokkepike hjå ein skipsreiar i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551028600
Men på eitt eller anna tidspunkt flytte Martha til England, og me ser ho gifte seg i 3. kvartal 1928 i Marylebone, Middlesex, England med Charles J. JELLINEK: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/8753/images/ons_m19283az-1416?treeid=&personid=&hintid=&queryId=6c7993b0e2c50f3d807924c23f8c2aed&usePUB=true&_phsrc=Nzx25955&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=49960774
Frå Jostedalen vert det fortalt at Martha Jellinek som enkje skal ha drive ein feriestad i Bognor Regis, Sussex der ho døydde 25.2.1980. Dei var barnlause, men skal ha teke til seg ei brordotter hans.
Eg er særleg interessert i fleire detaljar om Charles J. Jellinek, data for fødsel og død, yrke, bustadar? Kanskje finst det ein liktale (obituary)?
Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!