Eg freistar finna det agnatiske opphavet til mor mi, og i von om at ein eller annan har gjort ein DNA-analyse ser det ut til at den næraste greini, er mannlege etterkomarar etter:
Stener Olson (Folefoss) SVARVERUD, snikkar og gardbrukar på Svarverud i Norderhov, fødd på Gol 27.9.1857, men oppvaksen på plassen Folefoss under Trøgstad i Norderhov, gifte seg i Norderhov 26.2.1884 med Karen Marie Knutsdotter (Svarverud), fødd i Norderhov 7.3.1856. Stener var snikkar, og han og Karen tok over som gardbrukarar på Svarverud. Eg kjenner til desse borni etter dei:
* Knut Oluf Stenerson Svarverud, f. Norderhov 9.12.1884
* Karen Birgitte Stenersdotter Svarverud, f. Norderhov 23.2.1887
* Iver Olaus Stenerson Svarverud, f. Norderhov 8.8.1889 - døydde 20.7.1975 og ligg gravlagd på Norderhov kyrkjegard!
* Anna Hansine Stenersdotter Svarverud, f. Norderhov 5.2.1891
* Karl Sverre Stenerson Svarverud, f. Norderhov 9.1.1895
Her er huslyden i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052782001075
Her er huslyden i FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037110001118
Her er huslyden i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036462000064
No vonar eg det let seg gjera finna nolevande søner eller sønesøner etter Knut Oluf, Iver Olaus og/eller Karl Sverre Svarverud som kan ha teke ein DNA-test, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!