I samband med skiftet etter Mons Espeland i Bergen slutta 21.7.1881 kjem det fram at ein av hovudervingane, sonesonen Herman Johannes Jordanger, fødd 22.11.1861, skulle ha ein arv på kr. 154,11 ved fylte 21 år. Men Herman reiste frå Bergen i september 1879 som påmønstra Statsråd Lemkuhl med kurs for Amerika, og ingern vosste kvart han oppheldt seg.
Det står i skiftet at TILSYNSVÆRGEN (fanejunkar A. Bøthun?) skulle syta for at arven til Herman vart innsett i Bergens Sparebank og ikkje utbetalast før Herman var 21 år gamal, d.v.s. 22.11.1882!
Finst det kan henda protokollar for TILSYNSVÆRGEN der det kjem fram korleis desse arvemidlane omsider vart utbetalte?
Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!