Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'tostenneset'.
Fant 1 resultat
-
Samund Olson Ytre Urke vart fødd i 1780 og døypt 26. desember. Foreldre var Ols Sjurson Norang, frå Sjurgarden, Norang 6 og Kari Samundsdatter Ytre-Urke, frå Samondegarden, Ytre-Urke brn. 2. Han vart fødd berre vel ein månad etter at foreldra gifte seg. Samund er oppkalla etter bestefaren, far til Kari. Fadrar var bestefaren Samund Nilsson Urke, f. Hole, Ole Kolbeinson Urke, Jon Sjurson Norang (bror til faren), Brit Samundsdatter Urke (syster til mora) og Olave Sjursdatter Norang (syster til faren). Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0206: Ministerialbok nr. 515A02, 1765-1818, s. 163, høgre kolonne. https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620612 Ved folketeljinga i 1801 er Samund 21 år, men er ikkje heime. Foreldra Ole og Kari er 49 og 51 år gamle. Ola er nemnd som "husmand uden jord". Heime er systera Lisbet på 13 år. Kjelde: RA, Folketelling 1801 for 1522P Hjørundfjord prestegjeld, 1801, s. 112b-113a, Indre-Urke, 3. familie https://www.digitalarkivet.no/ft20090806340115 Samund trulova seg 4. januar 1816 og gifte seg 28. januar 1816 med Anna Nilsdatter Indre-Urke, f. 1788, frå Nilsagarden, Indre-Urke 1. Samund var soldat då han gifte seg. Forlovarar var sersjant Elias Frantsen Sæbønes og Nils Knutsen Urke. Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0206: Ministerialbok nr. 515A02, 1765-1818, s. 438 https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640029 Så langt er alt greitt. Men så finn eg i Hjørundfjordboka, band III, side 357 under Sjurgarden, Norang 6 at Samund kom frå Ytre-Urke brn. 3 (Ramogarden), noko som umulig kan stemme. For den einaste Ola som kunne ha vore far til Samund, Ola Jensson Leira, hadde ingen son med namnet Samund. Derimot er det samband med Samondegarden, Ytre-Urke brn. 2. Mor til Samund, Kari Samundsdatter Ytre-Urke var frå den garden, men det var systera Brit, som tok over bruket saman med mannen Ola Kolbeinson f. Aklestad. Han gifte seg seinare med tanta Olave, syster til Samund sin far Ola Sjurson Norang, og føremannen på Sjurgarden, Norang, onkelen Jon Sjurson Norang, Som sagt var det syster til Samund si mor, Brite Samundsdatter, som overtok Samundegarden på Ytre-Urke, og Kari og mannen Ola Sjurson, vart plassefolk på Indre-Urke, ifylgje Hjørundfjordboka, band III s. 356. Den einaste husmannsplassen på Indre-Urke var Tostenneset, og i Hjørundfjordboka, band III, s. 179 er Ola Sjurson Norang og Kari Samundsdatter Ytre-Urke plasserte der. Sitat frå Hjørundfjordboka: "Ola Sjurson og Kari Samundsdatter er av dei heller få såkalla "tenande" ektepar vi veit om i Hjørundfjord. Til 1785 tente dei på Norang, og på Standal til ca. 1795. Ola og Kari fekk 6 born: Samund, f. 1780, bleiv 1846. Tente alt som smågut i Haram, der han vart konfirmert, seinare på Vigra, der han vart gift første gong i 1807 med Dorte Olsdatter Synes og andre gong 1823 med Sisilie Petrine Larsdatter Hatløy. 1 dotter. Gjertrud, f. 1783, gift 1830 med Anders A. Hustad, busett på Ytre Sæbønes Sjur, f. 1787, truleg død tidleg Elisabet (Lisbet), f. 1788, 13 år ved folketeljinga i 1801, gift med Elias Frantsson Sæbønes Helge, f. 1791, truleg død tidleg Brit, f. 1792, truleg død tidleg Her får vi ei heilt anna historie presentert, nemleg at Samund flytte til Haram. Eg har prøvt å røkje etter om dei opplysningane som er nemnde ovanfor stemmer, men finn ikkje fullgode bevis for det som står. Eg finn ein Samund Olsen Standal konfirmert på Synnes i 1797. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660457 Dette kan vere tilfelle, då foreldra til Samund tente på Standal i tida før 1795, og bustadnamnet ofte vart det etternamnet som vart brukt seinare. Samund hadde ein onkel, Knut Sjurson Norang, som var busett på Synes i 1801, og det er ikkje utenkjeleg at Samund kan ha budd hos han ei tid. Kanskje er det han som er soldat på Synnes, Vigra ved folketeljinga i 1801. Han er då sagt å vere 25 år gammal, men det kan vere feil. Han er sagt å vere "af søelegden". Det skal visstnok ha vore den plikta gardar av ein viss storleik hadde til å utruste soldatar. Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058420001415 Det er fastslått at Samund var soldat då han gifte seg i 1816. Så langt kan opplysningane stemme, men resten er heller tvilsomt: Ein Samund Olsson er gift 1807 med enkja Dorthe Olsdtr. Syndnes https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660466 Ein Samund Olsson Synnes f. 11/9 1774 gift 1823 med Cicilie Petrine Larsdatter Hatløy. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660480 Eg finn ingen Samund i listene over døde i Haram i 1846, men den 14. august 1845 døyr ein Samund Johannesson Langved. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903670385 Men ingen av desse opplysningane er for meg fullgode bevis for at Samund Olson Ytre-Urke/Norang enda på Vigra. Derimot finn eg at Samund døde på Norang den 22. juni 1850 og vart gravlagt 25. juni. Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0209: Ministerialbok nr. 515A05, 1847-1868, s. 240, innf. nr. 19. https://www.digitalarkivet.no/kb20050727041131 Spørsmålet er då: Var Samund Olson Norang son til Ola Sjurson Norang og Kari Samundsdatter f. Ytre-Urke og enda opp som brukar på Sjurgarden i 1822 eller om han enda sine dagar i Haram. Personleg heller eg til å tru at det som står i Hjørunfjordboka s. 179 er fri fantasi og at Samund og kona Anne Nilsdatter enda opp som gardbrukarar på Sjurgarden, Norang 6. Kan nokon stadfeste dette, eller tek eg feil?
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive