Eg tek utgongspunkt i denne barnedåpen på Jevnaker, heilt nedst på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/6120/7
* Ida, fødd 22.10.1877 og døypt 23.12.1877 av foreldri husmann John Nilsson Moeiget 1830 og kona Randi Iversdotter 1839
Ifølgje amerkanske kjelder skal Ida ha utvandra anten i 1895 eller i 1896, og det vert påstått at far hennar var svenske!
Og her er vigsli til foreldri på Jevnaker: https://media.digitalarkivet.no/view/8967/177
* 28.10.1864 Jan Nilsson, 32, f. Värmland, og Randi Iversdotter, 24 1/2, f. Toverud - båe busette på Moe
Her er dei i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0532&kenr=001&bnr=0086&lnr=00
* Husmannsfolk på Raataarud under Hauger, Jevnaker
Her er dei i FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0532&kenr=009&bnr=0081&lnr=00
* Husmannsfolk på Klæggerud under Moe, Jevnaker
Utifrå desse opplysningane, let det seg gjera finna/stadfesta:
** Kva år utvandra Ida Johnsdotter Moeiget til Amerika?
** Føde- og oppvekststad for John/Jan Nilsson i Värmland? - kva er hans fulle namn?
** Føde- og oppvekststad for Randi Iversdotter?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!