For fleire år sidan kom eg over ein amerikansk Webside som inneheldt avfotografiske historiske kart over dei ulike townships i ulike Counties i Amerika med detaljert opplisting av grunneigarane. For meg var det den gongen Wisconsin som stod i fokus - særleg Vernon County - der eg gjennom slike kart greidde å løysa fleire slektsgåter!
Er det andre som har vore borti desse karti og som veit kvar dei finst? Dei var gratis å bruka, i alle fall den gongen! Det finst kart frå kring 1860 og utover, i alle fall i Wisconsin.
Eg har oppdaga ein Webside der eg mellom anna finn:
* Kartet frå Jefferson township, Vernon Co., WI frå 1915: http://www.historicmapworks.com/Map/US/79518/Jefferson+Township++Springville/Vernon+County+1915/Wisconsin/
* Kartet frå Canton township, Buffalo Co., WI frå 1877: http://www.historicmapworks.com/Map/US/1256462/Canton+Township/Buffalo+and+Pepin+Counties+1877/Wisconsin/
* Kartet frå Dunn township, Dane Co., WI frå 1873: http://www.historicmapworks.com/Map/US/475818/Dunn+Township++Mac+Farland++Lake+Kegonsa++Lake+Waubesa/Dane+County+1873/Wisconsin/
MEN, eg finn ikkje att karti frå Vernon og Crawford Counties frå 1870-talet, som eg veit eg har sett på før. Kan nokon hjelpa meg finna dei?
Som me ser av dømi over, kan desse zoomast inn og detaljstuderast!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!