Dette er ein huslyd, som eg har jobba med i ganske so mange år, men som eg aldri har greidd å finna ut av. Lat meg syna fram siste versjon av manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~~
Sjur Pederson {Urness}, f. {i Hafslo} 16.2.1829,
Syver Peterson (Urness) utvandra til Amerika i 1857 og budde ei tid hjå broren Peter i Ridgeway township, Iowa Co., Wis. og flytte òg i 1867 til ein farm i Burnside township, Trempealeau Co., Wis. Han gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.4.1872 med Anna Herbjørnsdotter frå Hovindbøle i Gransherad (Tinn), i Amerika kjend som Anna Herbjornson. Ho var dotter av gardbrukar Herbjørn Gunnulfson på Hovindbøle og kona Margit Tovsdotter frå Brynildsrud og f. i Gransherad 25.12.1834, men utvandra til Amerika i 1871. Syver og Anna vart buande på farmen hans i Burnside township, Trempealeau Co., Wis., men Syver miste livet ved eit ulukkeshende då hestespannet hans sprang vekk i 1876.
¤¤¤¤¤ (date of his death? – East Bennet Valley cemetery at Chimney Rock!)
¤¤¤¤¤ (further info on Anna? – Burnside township 1880: Sever Anderson 39 and Annie 46 – no ch - truleg Anna med ny ektemann??)
Dei var barnlause.
~~~~~~~~~~~~~~
Manuskriptet talar forsovidt for seg sjølv... No vonar eg at nokon kan hjelpa meg finna:
** Fleire detaljar om dødsfallet til Syver Peterson (Urness) - kan henda gjennom avisoppslag??
** Identifikasjon av Sever Anderson og lagnaden til han og Anna
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!?