Denne huslyden arbeidde eg første gongen med på 1980-talet, og no har eg igjen teke for meg dei amerikanske kjeldene eg har til rådvelde for å komma litt lenger, men diverre har eg no møtt «veggen», og vonar at kanskje nokon kan greia fylla i alle fall nokre av dei «hòli» som står att, til dømes gjennom obituaries eller andre avisoppslag?
Her er dødsattesten til John E. Turner med feil fødselsår, men rett alder: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89ML-812W
Og her er dødsattesten til Annie Turner: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9B2V-77W
Eg meiner eg las ein stad at det skal finnast ein obituary for Annie i Butte, MT, men finn ikkje att referansen...
Men her er status på manuskriptet mitt pr. i dag:
~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg av Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under!
Kanskje nokon greier å finna vigsli til John og Annie og opplysningar om dei andre fire borni?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!