Eg har no sete ganske so lenge og freista finna dåpsforretningane til to brør på Ullebust i Førde:
Foreldri skal vera Mads Larsson og Madsi Olsdotter eller Ludvigsdotter:
* Ludvig Madsson skal vera fødd i 1829 - konf. 1844 - 15 år - og gift 1857 - 28 år
* Ole Ludvig Madsson skal vera fødd 31.8.1833 (konf. 1849: https://media.digitalarkivet.no/view/11638/279
Dei budde på Vie i Førde i 1865, men utvandra til Amerika, Ole i 1868 og Ludvig i 1870.
Kan nokon hjelpa meg finna desse fødslene? - Manglar dei, eller er det eg som ser dårleg?
PS: Eg har vore borti liknande problem før, at fødsler i Førde synest mangla på 1830-talet...!?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!