Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'ullensvang'.
Fant 3 resultater
-
LØST. Niels Nielsen Rogde, død 1785, Ullensvang
Lene Benedicte Lauritzen postet et emne i Hjelp til skrifttyding
Kan noen være så snill og hjelpe meg med hva som står etter navn og alder på Niels Nielsen Rogde? Han døde 28. oktober Omtrent midt på venstre side: Ullensvang sokneprestembete, SAB/A-78701/H/Haa: Ministerialbok nr. A 6 /1, 1758-1788, s. 282 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070522640054- 2 svar
-
- ullensvang
- hordaland
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Det var ikkje so mange som flytte frå indre Sogn til Hardanger på 1700-talet, men sersjant Torkild Monsson Præstegaard (1724-1792) var ein av dei. Han flytte frå kona si i Luster alt i 1754 og følgde med Knagenhjelm til Ullensvang der han etter kvart busette seg på Lofthus. Eine sonen hans følgde etter til Ullensvang, og nettopp huslyden til denne sonen gjev opphav til fleire store utfordringar, i første rekke: ** Dødsfallet hans? ** Lagnaden til sonen Torkild? ** Lagnaden til sonen Tore? ** Dessutan manglar me ein del plassnamn og opphav? Her følgjer eit manuskript for denne huslyden pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~ Torkild Monsson Præstegaard, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. {i Luster} kring 1724 og gifte seg 19.1.1747 med Guri Eriksdotter frå Rønneisøyri under Rønnei, òg f. {i Luster} kring 1724. Torkild og Guri vart buande her på Prestegard nokre år etter at dei gifte seg, men det er ikkje skrive noko om dei var innerstfolk eller dreiv noko av garden, for alt i 1754 flytte Torkild frå kona si. Guri vart buande i Gaupne, visstnok som legdelem, og vart gravlagd her 23.3.1794. Torkild Monsson vart derimot sersjant ved Knagenhjelms kompani og flytte til Hardanger. Han busette seg på garden Lofthus i Ullensvang der han d. 27.3.1792. Torkild og Guri fekk fire born i lag: 1. Siri Torkildsdotter (1747-1747). 2. Ingeborg Torkildsdotter (1748-1749). 3. Torbjørn Torkildson (1750-1835), vart husmann på Tvingeborg under Sandviki. 4. Lars Torkildson, døypt {i Luster} 21.3.1753, tente på Rønnei ved konfirmasjonen i 1772. Midt i 1770-åri flytte Lars Torkildson til far sin i Hardanger, og 28.12.1784 gifte han seg første gongen i Ullensvang med Martha Thoresdotter frå Oppedal i Ullensvang. Ho var dotter av gardbrukar Thore Østenson på Oppedal, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Gyri Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og var f. i Ullensvang 12.10.1750. Lars og Martha flytte til ein plass ##### (kva for ein plass?) under garden Audneland i Ulvik der Martha d. 3.1.1796. Lars vart so trulova (vigselsdatoen vantar) andre gongen i Ulvik 23.10.1796 med enkja Guro Iversdotter, opphavleg frå Børseim i Ulvik. Ho var dotter av gardbrukar Iver Magnusson på Børseim, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Synneva Sjursdotter frå Sponeim i Ulvik og vart døypt der 23.2.1723. Ho gifte seg første gongen i Ulvik ##### (vigselsdatoen? – 1743?) med Ole Magnusson frå Hagestad i Ulvik. Han var son av gardbrukar Magnus Anveson på Hagestad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Siri Aamundsdotter frå Varberg i Eidfjord og vart døypt i Ulvik 2.2.1709. Ole og Guro var visstnok ei tid gardbrukarar på Lekve i Ulvik, men flytte sidan til Børseim i Ulvik der Ole d. 17.6.1786. Guro flytte inn hjå Lars på plassen hans under Audneland i Ulvik, men ho d. på Børseim i Ulvik 23.3.1807. ##### (kor mange born hadde Guro frå første ekteskapet sitt?) Lars Torkildson d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Lars fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet: a. Torkild Larsson, f. i Ullensvang 14.3.1785, ##### (budde 1801 på Audneland i Ulvik – lagnaden hans?) b. Thore Larsson, f. i Ullensvang 16.8.1788, ##### (budde 1801 på Audneland i Ulvik – lagnaden hans?) c. Gyri Larsdotter, f. i Ulvik 20.8.1793, vart oppali hjå morbroren Østen Thoreson på Oppedal i Ullensvang og d. som legdelem på Oppedal 8.3.1866. Gyri gifte seg i Ullensvang 21.6.1821 med John Erikson frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Espe i Ullensvang. John var f. i Ullensvang 8.4.1777 og d. som legdelem på Oppedal 20.9.1847. John var skomakar, og han og Gyri fekk slå seg ned som husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Oppedal i Ullensvang der dei budde levetidi ut. Dei fekk fire døtrer i lag. ~~~~~~~~~~~~ Kanskje kan lokale bygdebøker for Ullensvang og Ulvik hjelpa til med svar på ein del av desse utfordringane? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Fra Hardanger til USA. Johanna Michalsdatter Rytter og Jacob Meyer Rytter
Ivar Moe postet et emne i Brukernes eget forum
Johanna Margreta Rytter født 1833 i Lofthus, Ullensvang utvandrer i 1858 i følge bygdebok. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016092948076 Broren Jacob Meyer født 1844 i Lofthus, gifter seg der med Kristina Larsdatter og utvandrer i 1874 Johanna finner jeg gift med Edwin Edwards (også fra Hardanger) bosatt i Lee, Dekalb, Illinois https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQFG-6GP https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MX4P-2TR https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQLS-J8B https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N3XZ-K82 Jacob Meyer Rytter Lever i 1920 - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M8B1-CHP Med kone og 3 barn i Lincoln, Hamilton, Iowa, United States i 1880 - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MD2N-9N5 Det som jeg håper å få hjelp til det er som følger: Opphavet til Edwin Edwards fra Hardanger Begravelse dato/sted. Johanna, Edwin, Jacob og Kristina Eventuelle artikler etc På forhånd takk Mvh Ivar
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive