Dette emnet har ikkje noko direkte med ættegransking å gjera, men eg er viss på at det sikkert er andre brukarar som slit med det same??
Svært ofte skjer det på min iMac at vedlegg (avfotograferte kjelder) som andre brukarar legg inn i innleggi deira, kjem att på min iMac berre som eit òpe rom med skugge utan tekst. Dette skjer ikkje alltid, men svært (altfor) ofte! Derimot kjem vedleggi i den e-post-meldingi som kjem samstundes, dersom eg har abonnert på vedkommande tema.
No har eg nettopp oppdaga at dersom eg kopierar desse «skugge»-innleggi og legg dei inn separat i eigi melding, då kjem dei fram på «normalt» vis! Direkte «løge» spør du meg! Det er sikkert ei eller anna innstilling på min iMac som gjer dette, hadde eg berre visst kva for ein...?
Kanskje kan nokon gje meg eit tips om korleis dette kan løysast?
Hjarteleg takk på førehand for alle gode tips!