Pål Simenson (Povel Simensen Schar) vart i 1729 dømt til arbeid på Munkholmen, mens Gjetrud Einarsdtr vart forvist frå heimstaden (Tingvoll, Nordmøre) til teneste i fiskeleiene i Nordlandene - i dette tilfellet Vefsn. Brotsverket var blodskam, så vidt eg kan forstå. Pål var stefar til Gjertrud. Om eg forstår saka rett, hadde ho først utlagt ein Ole Myren til barnefar. Men dette forstår eg ikkje fullt ut.
Gjertrud Einarsdtr kom i alle fall til Vefsn i 1729, og fødde like etter eit barn. Ho forklarte at det var same barnefar som sist, altså stefaren Pål Simenson. Dei hadde møttest mens dei var under arrest, forstår eg. Dette barnet vart fødd i dølgsmål på Risneset i Vefsn. Ho hevda barnet var dødt ved fødselen, men ho vart dømt til døden.
Gjertrud forklarte at ho var 30 år i 1729. Er det nokon som veit kven Pål Simenson Skar var, og kor gammal han kan ha vore?
Eg veit ikkje korleis det vidare gjekk med Gjertrud; vi har ikkje sett at ho vart avretta i Vefsn, så eg håper jo ho fekk nåde. Men kanskje nokon kjenner denne saka frå Tingvoll?
Trondheim lagting 17.2.1729 s. 143–144 https://www.digitalarkivet.no/rg20090505400390
Hausttinget 1729, Helgeland tingbok 8 s. 238. https://www.digitalarkivet.no/rg20090427350807
Nordland og Finmarks lagstol, 23.5.1730, s. 32–33, 35. https://www.digitalarkivet.no/rg20090506330032
Helgeland sorenskriver 19.7.1730 tingbok 9 s. 15b https://www.digitalarkivet.no/rg20090427350849