Eg er komen over ei ny utfordring med utgongspunkt i Etnedal (Bruflat sokn) i Sør-Aurdal i Valdres.
Guri Andreasdotter Bergene var fødd i Bruflat sokn 15.12.1862 og skal ifølgje FT1900/1910/1920 og 1930 ha utvandra til Amerika mellom 1881 og 1886.
Ho var dotter av:
Andreas Olson Bergene, fødd i Sør-Aurdal (Etnedal?) 1821/1817
andre kona
Eli Knutsdotter, fødd i Vestre Slidre 1836/1833
Her er huslyden i FT1865: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0540&kenr=009&bnr=0054&lnr=000
Her er huslyden i FT1875: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0540&kenr=009b&bnr=0042&lnr=00
Diverre saknar me kyrkjebøker frå Bruflat sokn (Etnedal) frå 1850- og 1860-åri der vigsli til Andreas og Eli skulle ha fine stad, og med slike sprikande fødselsår er det heller ikkje so lett å gissa på kven dei kan vera...
Kan nokon hjelpa meg finna ut:
** Korrekt utvandringsår for Guri Andreasdotter Bergene (1881/1886)?
** Kva vil vera «rett» yrkestitel og bustad for Andreas Olson og Eli Knutsdotter?
** På kva gard/plass i Etnedal er Andreas Olson fødd/oppvaksen?
** På kva gard/plass i Vestre Slidre er Eli Knutdotter fødd/oppvaksi?
Finst det kan henda ei bygdebok for dette området som kan hjelpa oss med svari?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!