Torgrim Pederson vart gravlagd i Fortun sokn i Luster 14.12.1738, 66 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/184
Ein stad, truleg i kommunikantprotokollen, har eg sett han nemnd med tilnamnet Wasbakken, utan at eg i farten kan finna den referansa att...
Eit par år etter finn me so denne barnedåpen i Fortun sokn i Luster:
22.10.1742 døypt Anders (uekte) av Halvor Hermundson Søvde og Anna Torgrimsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/17
Påfallande ved denne dåpen er at ingen av foreldri laut bøta for leigarmål slik det var vanleg på den tidi, so kan henda var dei alt farne frå Luster? Her ser me i alle fall aldri noko meir til nokon av dei!
Eg mistenker Anna for å vera ei dotter av Torgrim Pederson, men kven var dei? Kvar kom dei ifrå og kvar vart dei av?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!