Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wisc0nsin'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Ole Pederson, til dagleg kjend som «Sygn-Ola», var ein vidkjend haugianar som flytte frå Fortun i Luster for å busetja seg på Ånstad i Skjåk. Eg saml ein del opplys ningar om denne huslyden tidleg på 1980-talet, men manglande tilgong på kjelder hindra meg i å komplettera denne biografien. No har eg greidd å finna ein del tilleggsopplysningar, men vert ståande fast på fleire punkt. Kanskje finst det nokon med lokal kunnskap frå Skjåk som kan hjelpa neg fylla nokre av dei hòli som står att? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ . Ole Pederson {Fortun}, f. {i Luster} kring 1778, sidan kjend som «Sygn‑Ola«, var frå 1807 til 1812 eigar og brukar av Gjerseggi i Luster, men gifte seg i Luster 4.3.1814 med Kari Christophersdotter frå Svensøy, døypt {i Luster} 3.2.1787. Ole Pederson vart ein ihuga haugianar, og han og Kari budde i Fortun fram til kring 1821. Ole og Kari flytte kring 1821 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Ånstad søndre der Kari d. som kårkone 26.3.1868. Ole Pederson d. som kårenkjemann same staden 12.2.1871. Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka 0m dei kan ha hatt fleire? – berre dotteri Martha levde eller hadde etterkommarar i 1871) a. Martha Olsdotter, døypt i Luster 18.8.1816, flytte med foreldri til Skjåk der ho 1.11.1836 gifte seg med Ole Iverson frå #####v (ein plass, men kva for ein? – foreldri husmann Iver Olson og Ingeborg Amundsdotter i Grimstadeiget) under Grimstad i Skjåk, og f. i Skjåk 3.8.1811. Ole og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Ånstad søndre i Skjåk der Ole d. 4.3.1870. Martha Aanstad utvandra som enkje til Amerika i ##### (kva år?) og busette seg i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der ho d. 7.3.1893. Dei fekk åtte born i lag. ##### (sjekka at dette talet stemmer?) b. Christopher Olson, f. i Luster 28.2.1819, flytte òg med foreldri til Skjåk, men d. ugift på Ånstad søndre 8.11.1844. c. Peder Olson, f. i Skjåk 1.4.1822, d. ugift på Ånstad 31.8.1845. d. Lars Olson, f. i Skjåk 29.3.1825, d. nokre minutar gamal. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.