Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wiul'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg ættar ned frå ein Ole Olson som skal ha vore fødd i Norderhov i 1764 og levde som husmann i Hagen under Norderhov prestegard. Denne huslyden er drøfta i føgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/169934-ole-pederson-og-gudbjørg-iversdotter-vigde-i-norderhov-1764-opphavi-deira/ Dersom Ole høyrer til denne huslyden, hadde han mellom anna ein bror: Iver Olson, døypt i Skaustadeiget, Norderhov 12.11.1775, som gifte seg i Norderhov 23.7.1796 med Martha Engebretsdotter, fødd kring 1774. Desse budde som husmannsfolk på ein plass under Wiul i Norderhov og fekk desse borni: ** Christian Iverson, døypt 2.4.1797, vart gravlagd ?.10.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/95 ** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/102 ** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/110 ** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/113 ** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/123 ** Johan Iverson, døypt 16.1.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/131 ** Christian Iverson, døypt 7.10.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/141 ** Marius Iverson, fødd 5.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/57 Eg har no fått tak i ein Y-DNA analyse for den agnatiske etterslekti etter Ole Olson, min stamfar, men då det framleis rår ein viss tvil om Ole verkeleg var son av Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter og bror av den nemnde Iver Olson i Wiuleiget, ønskjer eg å få dette stadfest gjennom ein tilsvarande Y-DNA analyse for agnatisk etterslekt etter den nemnde Iver Olson, og med fem søner som tydeleg levde opp, vonar eg det skal vera mogeleg å finna minst ein etterkommar for samanlikning av Y-DNA? Kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei fem sønene? * Engebret Iverson gifte seg i Norderhov 25.5.1827 med Maria Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/425 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=011&bnr=0006&lnr=000 søner: ** Peder, f. 12.7.1827 ** Iver, f. 12.10.1830 ** Lars, f. 13.4.1832 ** Johan, f. 17.12.1838 * Gulbrand Iverson gifte seg i Norderhov 3.3.1829 med Maren Larsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/429 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=007&bnr=0036&lnr=000 son: ** Iver, f. 23.12.1830 * Johan Iverson gifte seg i Norderhov 29.12.1831 med Kirsti Christiansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/438 søner: ** Iver, f. 14.6.1832 ** Christian, f. 15.9.1834 ** Martin, f. 2.8.1843 * Christian Iverson gifte seg i Norderhov 28.12.1839 med Maren Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1111/309 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=008&bnr=0042&lnr=000 son: ** Iver, f. 20.9.1845 * Marius Iverson finn eg ikkje mellom dei vigde i Norderhov. Her har me altso i alt NI sønesøner etter Iver Olson Wiuleiget - kan minst ein av desse sporast fram til i dag? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.