Gå til innhold
Arkivverket

Johan Kåsa - Kven var han?


Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Dokumentasjon på tida i Treungen

 

 

Johan kom til Åmli i 1909. Etter det han sjølv sa, kom han til Treungen nokre år før. Vi har solide informantar på at dette er rett. Vi veit at Johan hadde kjærleikssorg då han kom til oss. Kjærasten Marie hadde funne seg ein annan mann. Ho gifta seg i 1910, og ho og mannen reiste seinare til Amerika. Johan var også med i ein flotargjeng i Treungen. Av dei som var med her, var det minst ein av dei andre flotarane frå Treungen som var innom Johan og helsa på han når det høvde.

 

Det har difor vore ein tanke om vi kunne dokumentere tida Johan hadde i Treungen. Her i Åmli er han fleire gonger på skattelistene i tidsrommet 1910 - 1920. Det ville difor vere rimeleg å tru at han også var på skattelistene i den tida han var i Treungen. Eller om arkivet for Treungen kunne finne han innflytta til Treungen eller utflytta.

 

Arkivet for Treungen i Nissedal har depot i statsarkivet på Kongsberg. Arkivet i Nissedal har kontakta statsarkivet i Kongsberg, slik at alt materialet som gjeld Treungen som er i arkiv skulle bli granska.

 

Arkivpersonalet har ikkje funne Johan Kåsa i Treungen. Det kan difor ikkje dokumenterast at han har vore der.

 

Når tida Johan var i Treungen ikkje kan dokumenterast, så kan vi heller ikkje spore han bakover, kvar han kom frå.

 

Arkivpersonalet har svara slik:

 

Arkivforespørsel opphold i Treungen

Takk for henvendelse.

Vi har en ligningsprotokoll for Nissedal 1906-1911. Jeg har gått gjennom årgangene 1906 til

1910 uten å finne noe om Johan Kaasa. Han har ikke skattet til Nissedal kommune under det

navnet de årene.

For å få litt mer bakgrunn gikk jeg inn på folketellingen 1910. Johan Kaasa f.17.05.84 (!) i

Skafså står oppført i manntallet to ganger! Han bodde på Stoa i Åmli og på Helleren i Gjøvdal.

I de klokkerbøkene (Mo og Skafså) som ligger på digitalarkivet finnes en Karl Johan Nilsen

født på Verket i Skafså 24/27.mai 1881. Kan det være rett person?

Med vennlig hilsen

Steinar Marvik

rådgiver

 

Hei igjen

Vi har dessverre ikkje kome noko lenger i vårt søk etter Johan Kåsa. Det ser ut som at svaret du fekk ifrå vårt arkivdepot IKA Kongsberg er så langt me kan finne.

Nå har vi sett og leita, men diverre kan me ikkje hjelpe deg vidare.

Lukke til vidare med slektsgranskinga di!

 

Mvh

Wenche Grønås

Arkivansvarleg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan - registrering

 

Så har eg prøvd å finne ut kor sannsynleg det kan vere:

 

1. - at vår Johan har skifta identitet

2. - at han har vakse opp uregistrert

 

Når vi prøver å dokumentere ulike personar, er det gjerne kyrkjebøker og folketeljingar vi støtter oss til.

 

Johan finn vi ikkje i kyrkjebøkene, og vi finn han ikkje i Folketelling 1891 eller Folketelling 1900. (Då har han i tilfelle skifta identitet, og står like føre nasen vår - utan at vi ser han.)

 

Dersom eit barn ikkje er døypt, vil det ikkje vere registrert i kyrkjebøkene. Det held ikkje å seie at det var vanleg å døype borna - det er aldri alle som er “vanlege”. Det vil alltid vere nokon som fell utanfor. Det er heller ikkje alle som er med på folketeljingane.

 

Det blir difor slik å forstå, at dei fleste finn vi dokumentert gjennom kyrkjebøker og folketeljingar. Men kyrkjebøkene og folketeljingane dokumenterer ikkje alle som er. Det vil difor vere personar som ikkje er blitt registrerte.

 

Folkeregisteret kom i 1946. Før denne tid har registreringa vore mangelfull:

 

Historikk

2. Folkeregister kunne opprettes fra og med 1905, i følge lov. Men det ble lovpålagt å føre folkeregister i alle kommuner først i 1946. Folkeregistrene var kommunale frem til 1965 da de ble statlige. De fleste folkeregisterkort er likevel avlevert til Statsarkivene, også fra den kommunale perioden.

De eldre folkeregistrene - som ble ført før loven om folkeregistre i 1946 – var ordnet på ulike måter. Gifte kvinner er som regel ført opp på mannens kort. Kortene er oftest ordnet enten på adresse eller alfabetisk på navn. Det kan finnes folkeregisterkort for tiden 1942-46 i kommunearkivene (de ble opprettet på grunnlag av rasjonerings- og ligningsregistre). Men det har ikke blitt avlevert slike til Byarkivet eller IKA i Arkivsenteret.

 

 

Så er det noko som heiter lister over innrapporterte fødde etter 1866. Dette har eg tatt kontakt med digitalarkivet for å få ei nærare orientering om kva er for noko:

 

Hei,

 

 

Innrapporteringane gjekk til Statistisk Sentralbyrå og hadde berre med seg hovudinformasjonen, så fadrar t.d. vil ikkje vera med. Innrapporteringane var avskrifter frå kyrkjebøkene så om du ikkje finn nokon i kyrkjebøkene, vil dei ikkje vera med i innrapporteringa heller.

 

 

Ja, det vil vera personar ein ikkje finn i kyrkjebøker og teljingar av ymse årsakar.

 

 

Det var nok ikkje dette du villa høyra, men slik er det no ein gong er eg redd.

 

 

 

 

Med venleg helsing

 

 

 

 

Anette Skogseth Clausen

 

rådgjevar

 

 

Digitalarkivet

 

 

 

 

Konklusjon:

 

1. Johan kan ha skifta identitet før han kom til Treungen. Det ser i tilfelle ut til å ha vore ei enkel sak - han har blitt trudd på det han har sagt - og desse opplysningane har blitt den nye identiteten hans.

 

2. Johan kan vere ein av dei personane som har falle utanfor den registreringa som har vore.

Denne registreringa har gått føre seg i eit samfunn som er heilt annleis enn det vi kjenner til i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finnes det ikke noe register over fløtere i vassdraget? Han kan ikke ha gått igjennom livet uten å ha blitt registrert minst ett sted. At han har skiftet identitet tror jeg ikke. Da ville han ikke valgt Kaasa som etternavn. Det finnes utallige steder i Telemark som slutter på Kaasa. Kanskje han bodde på hytta mi, der heter det Hanskaas.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Johan kom til oss i Åmli i 1909. Like etter kom Folketelling 1910, og her er han registrert. Han er registrert mange gonger etter at han kom til oss. Men ingen har til nå klart å finne han registrert før han kom til oss.

 

Om det finnast noko register over dei som var flotarar har eg ikkje tenkt på før. Kanskje han kan vere registrert i Treungen likevel? Men denne vil vel evt. neppe seie noko om kvar han kom ifrå. Det var tanken her om vi kunne spore han bakover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er klar over at det er opphavet du søker, men i en fløterliste kan du være så heldig at det står hvor han kom fra ev. hvilket lag han tilhørte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.