Gå til innhold
Arkivverket

[#15536] Torsten Gullikson (174?-1804) frå Vang, Valdres til Hafslo i Sogn -fleire oppl.?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Torsten Gullikson, fødd kring 1740 i Valdres, kanskje døypt 27.12.1745 i Slidre som son av Gullik Trondson og Anna Torstensdotter, gifte seg første gongen i Vang 11.6.1770 med ei Anna Knutsdotter. Sidan attgift i Vang 30.10.1776 med ei Kirsti Trondsdotter, fødd kring 1751, kanskje døypt 23.2.1752 i Vang som dotter av Trond Østrem.Torsten og Kirsti flytte i 1780-åri til Hafslo i Sogn der me finn dei att som plassfolk i Botnen under garden Hillestad. To born er nemnde hjå FamilySearch:* Anna Torstensdotter, døypt Vang 23.12.1770* Berit Torstensdotter, døypt Vang 23.2.1783Berit ''Bertha'' er einaste barnet eg finn i Hafslo, men det har sikkert vore fleire!?Er det nokon som har tilgjenge til lokale kjelder i Vang og som kan supplera med fleire opplysningar om denne huslyden?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Tormod Thoresen

Hei.Folk fra området som reiste til Amerika.Har du kontrollen med Nils Nilsen , Hillestad som reiste fra Hafslo og Norge i 1865?? Hva med Synneva Iversdatter fra Hollekve i Sogndal? Hun reiste i 1865. Nils Olsen Ølnes i Sogndal? Han reiste i 1864. og Solvei Olsdatter Bøyum Fjærland i Sogn? Hun reiste i 1861.Kan noen av dem være av interresse?mvhTormod

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein forseinka takk til Gisle og Tormod for innlegg; eg har vore (og er framleis) på farten!Når det gjeld emigrantane frå Hafslo, so har eg bra oversikt over dei aller fleste. Dei som utvandra frå Sogndal og kommunar lenger utover fjorden, har ikkje relevanse for meg, med mindre dei gifte seg med utvandrarar frå Luster kommune.So vidt eg kan sjå, har Gullik Nilsson neppe nokon samanhang med Torsten Gullikson. Gullik-namnet er etter måten vanleg i Vang...Eg er framleis interessert i fleire opplysningar om Torsten Gullikson og huslyden hans, so om nokon kan bidra, vil eg setja stor pris på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.