Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#15933] Kjøpm. Johannes Torgersen og kona Nicoline frå Christiania til Amerika ca. 1860?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Torgersen, kjøpmann i Christiania, gifte seg med Nicoline Christine Torgersen og fekk minst to søner:a) Nicolai Emil Torgersen, fødd i Christiania 2.5.1841b) Albert Rudolph Torgersen, fødd i Christiania 24.9.1847Dei hadde sikkert fleire born, men desse to sønene utvandra i ung alder til Amerika, truleg i lag med foreldri(?) og gifte seg, Nicolai i 1864 med ei enkje frå Luster i Sogn, Cecelia Corneliusen (1832-1915), og Albert i 1879 med dotteri hennar, Adeline Therese Corneliusen (1854-1894). Nicolai vart farmar, medan Albert vart lækjar. Dei budde båe i Minnesota.Men kan nokon hjelpa meg med bakgrunnsopplysningar om denne huslyden? Kva år utvandra dei til Amerika? Og reiste heile huslyden på same tid? Eg finn ikkje nokon av dei i 1865-teljingi!Eg takkar so mykje på førehand for alle tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

En liten start,Viet 26.04.1827 Borger og Kjøbmand i Christiania Johannes Torgersen, og Jomfrue Nicoline Christino (står ved senere anledning Christiane) Torgersen. Aldre hhv. 24 og 20. 'Han saavel som hun er født her i Staden'. Foreldre hhv. Ole Torgersen (han) og Torger Torgersen. Han hadde hatt naturlige kopper, hun hadde forevist vaksinasjonsattest. (Oslo Domkirke Mini 10 1824-1840 14/14 p.906 & 907, no.26).Ut fra dine opplysninger slo jeg opp;NICOLAI EMIL, født 02.05.1841, døpt i Vor Frelser, Christiania 18.07.1814, foreldre Johannes Torgersen Kjøbmand og Hustru Nicoline Christiane Torgersen. Ikke hjemmedøpt. Faddere: Madm. Brinch, Jomfru Witrog, A. Hovelsrud, Megler Johannes Bergh, Kjøbm. J. H. Schwensen og Kjøbmand Boeck (Oslo Domkirke Mini 12 1837-1845 5/17 f.276 no.168).Men det burde være flere å hente her!

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir og Berit for interessante opplysningar om huslyden Torgersen. Dette var nyttig!Det er interessant å sjå kor kvikt Albert Torgersen vart lækjar etter han kom til Amerika, men det må jo vera same mannen. Han gifte seg i 1879 i Alexandria, MN, ikkje langt frå Morris, MN, og folketeljingi 1910 for Clarkfield, MN, som er vanskeleg å tyda, syner eit utvandringsår som tek til med 187....MEN, kvar i all verdi var Albert Torgersen under folketeljingi 1875? Som farmasøyt var han kanskje i arbeid utanfor Christiania?Elles ser det vel ut til at foreldri Johannes og Nicoline aldri utvandra til Amerika? Men Nicolai var i Wisconsin alt i 1864..., so han må ha utvandra før den tid. Er det mogeleg å finna ut kva år?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.