Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#16593] Sjømann 1896-1907


Recommended Posts

Gjest Trygve Utne

Hei!Er det noko arkiv, der eg kan finne ut kva for båtar min oldefar var på (utanom ft. 1900)? Styrk Hansson Utne (1875-1907) var busett i Ullensvang, Hordaland. Han var ferdig med styrmandskolen i Haugesund i 1896. Var på Haugesundsbåt i ft. 1900, men trur han var på lokal båt før sin død i 1907.Mvh. Trygve Utne

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/102370-16593-sj%C3%B8mann-1896-1907/
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Styrk Hansson Utne er ført som sjømann i rullane for Bergen som nr. 3702 i Ungt mannskap, og under 7509 i Hovedrulla.Han er registrert ut med Undine frå Haugesund 20. juli 1894, avmønstra i London 1. august 1895. Ut med Bjørgvin 30. mars 1896, avmønstra 29. juni 1896 i Rotterdam. Påmønstra Barm Candor 5. juli 1897 i Rotterdam, avmønstra 4. desember 1897 i Dunquerque. Påmønstra Trudvang 9. desember 1897 i Rotterdam, avmønstra 8. mars 1897 i Bergen.I Hovedrulla: påmønstra Primato 6. oktober 1898 i Rotterdam, avmønstra 23. august 1901 i Haugesund. Påmønstra Hægholmen 16. april 1902 i Haugesund, avmønstra i Haugesund 9. februar 1903. Parallelt er det ført at han vart påmønstra Glug 27. juli 1902, og avmønstra i Haugesund 9. februar 1903.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.