Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#16813] Slaktar Ole Olsen i Trondheim frå Sunnmøre


Recommended Posts

Gjest Tor Myklebust

Har nokon kjennskap til slaktar Ole Olsen i Trondheim? I 1900 er han her: LenkeHan var gift med ei Anna frå Frøya. Etter alderen på borna å dømme kan dei ha gifta seg ca 1895. Ole Olsen var frå Sunnylven på Sunnmøre og eg er ute etter opplysingar som kan stadfeste kven han var son til.

Gjest Tor Andersen
Gjest Tor Myklebust

Eg har brukt 1865-tellinga og bygdeboka og redusert antal kandidatar til 3-4 stk. Deriblant ein favorittkandidat som er fødd i 1859: LenkeEg var ute etter opplysningar frå Trondheim eller eventuelt Frøya som kunne stadfeste kva gard han kom frå eller kva foreldra heitte. T.d. kva som er opplyst ved giftarmålet hans. Eller om nokon på ein eller annan måte har kjennskap til denne familien.

Gjest Tor Myklebust

Takk så mykje til Tor Andersen.Eg trur også at det er Ole Gabriel Olson Åsen frå Sunnylven du har funne som slaktar i adressebøkene for Trondheim. Han hadde også ein to år yngre bror Ole Martinus Olson som kunne ha vore ein kandidat.Begge forsvinn sporlaust frå Sunnylven etter at dei er konfirmerte. Ole G. dukkar opp som bakardreng i Ålesund i 1875. [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f71501&variabel=0&postnr=3544&fulle=true&spraak=n>Lenke, og då er vegen ikkje lang til å verte slaktar i Trondheim!:).. Særleg ikkje når han har ein nevø som er slaktarmeister med eigen forretning i der.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.