Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#17264] Henrik Meyer i Bergen


Recommended Posts

Gjest Ingrid Berg Skodje

Eg søkjer etter ein forfar frå Bergen. Han heitte Henrik Meyer, og må ha vore fødd rundt 1800. Han hadde ei dotter, Lisabeth eller Lisbeth Meyer, som vart gift til Hauge i Dalane. Har nokon opplysingar om desse, eller om kvar eg kan ta til å leite? Helsing Ingrid.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/103029-17264-henrik-meyer-i-bergen/
Del på andre sider

Gjest Heidi C. Huitfeldt

Hei Ingrid,Hvem ble Elisabeth/Lisbeth gift med, og har du navn på barna hennes?Familysearch.org er et greit sted å begynne for å 'peile seg inn' på mulige kandidater. Lenke Ikke helt pålitelig, men et greit utgangspunkt.Heidi

Gjest Ingrid Berg Skodje

Tusen takk for svar! Eg veit ikkje om det er dei rette, men sidan oppattkalling var vanleg og dottera heiter (E)Lisabeth som mora til denne Henrich, er det mogleg. Henrik var min 3 el 4x tippoldefar. Eg veit òg at etterslekta til Lisabeth framleis bur i Hauge i D. Og eg er interessert i å få nokre namn på den greina. Du skal sjå vi er i slekt! Kontakt meg på e-post for vidare opprulling, ingrid@berg.as Helsing Ingrid.

Gjest Bjørn-Erik Boye

Det er flere Henrich Meyer som kan være sannsynlige ifølge 'Stamtavle over Legatfamiljen Meyer' Bergen 1871. Dersom han da tilhører denne familie. Kunne kanskje være lurt og se nærmere på døpte/vigde/døde i Digitalarkivet.Mvh hilsen

Gjest Bjørn-Erik Boye

Denne er nok bare i papirutgave. Sjekk med biblioteket. Kjøbm. Senere Stadsmegler Henrik Meyer 1774-1833 g.m. Anna Christina de Chezaulx 1765-1849 står nevnt på s43 i dette heftet, under avsnittet til familien Jordan. Her nevnt 7 barn. Ellers starter heftet med en Friderich Meyer f. i Dørpel i Barnstorf Diepholz, daværende Kurfyrstedømmet Hannover. Får du ikke tak i heftet kontakt meg gjerne privat bjoerboy@online.no Mvh Bjørn-Erik Boye

Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Ok, skal sjekke biblioteket på mandag. Men har du peiling på om Albert Wilhelm Meyer f. ca 1731 og død 01.10.1790 i Bergen, gift 12 jan 1764 med Magdalena Kirstine Stuvitz, senere (tror jeg, hvis det er samme mann) gift 14 jan 1784 med Anna Regina Spahn. Er denne mannen fra samme slekten?

Gjest Ingrid B Skodje

Tusen takk for alle opplysingar. Eg har fått fleire trådar nøste på. Eg er ein fersking i faget, så eg har ikkje heilt oversikten over kva det går an å søkje etter. Ikkje har eg så mange opplysingar om desse personane, men ein stad må ein byrje å nøste. Helsing Ingrid

  • 2 uker senere...
Gjest Ingrid Berg Skodje

Til Gurli: Eg har funne Dithmar Kahrs i ft 1801 i Egersund(nr 19) han var då 7 år, og det stemmer m får 1794. Han har ein bror 9 år, Henric Bull. Faren er sokneprest Christen Heiberg Kahrs (51), mora Anna Maria Bull (31). Dei bur i lag med mor hennar Elen Christine Motzfeldtr(=datter?) 61 år og søstra Johanne Birgitte Bull 28 år. Gård nr 2. Men så finn eg ikkje meir på søk om Anna Elisabeth og Dithmar.Til alle dokke andre: Eg har også funne ein Henrich Fredriksen Meyer, f 09.07.1820, døypt i Korskirken 21.07.1820, med foreldre Frederik og Divert Henrike Mohn. Ein bror v same namn f 13.05.1817 død same år, fann eg òg. Denne fyren kan kanskje stemme betre i alder med min forfar. Men eg finn han korkje konfirmert eller gift i DA. Fredrik er stige i gradene frå kjøpmann i 1817 til grosserar og borgar i 1820. Er det nokon som har opplysingar om denne Henrik'en?

Gjest Bjørn Davidsen

For å kunne hjelpe deg vidare, er det meir interessant å få vite om vi finn denne Lisbeth H. i 1865-teljinga nokon stad. Eller om ho vart gift etter 1827. Korleis veit du t.d. at ho vart gift til Hauge i Dalane - og i så fall, med kven?Det har seg nemleg slik at dersom ho vart gift etter kring 1827-30, vil namnet på far hennar stå i kyrkjeboka - tillike med kor ho vart fødd og om lag kor tid. Om ho levde over 1865, vil det òg stå i teljinga kor ho var fødd. Dette er særs viktige opplysningar.Slik dette spursmålet er stilt - og debatten sidan har utvikla seg - er det uråd å finne eit eksakt svar, som YN sa. Det vert berre gissingar.Slektsgransking er trass alt ikkje noko tjo-hoppsa-sa. Og dei som hjelper til her på DA kan finne ut mykje sjølv om det ikkje er søkbart. Men då lyt dei ha alle dei eksakte opplysningane som er råd å skaffe fram. Elles vert det, som sagt, berre gissingar. Så har du noko eksakt å fare med, trur eg du kan nå langt i denne saka.Kor har du t.d ifrå at far til denne Lisbeth var ein Henrik Meyer frå Bergen? Han kan jo for alt vi veit ha vore frå Stavanger eller Egersund? Men var han frå Bergen, har du vel kjelder som syner det - og då må du gje dei opp. Di meir hjelparane dine veit, dess lettare er det å finne rette folka.

Gjest Stein N. Wisted

Berte Elisabet Henriksdtr fra Bergen, ble gift 1807 i Sokndal med snekker-smed Anders Larsen Ørsland, som bodde på Steinberg. De fikk følgende barn : a. Lars f. 1808 bodde på Steinberg b. Elisabet f. 1813 gift på Elvestrøm c. Henrik Meyer f. 1815 bodde på Steinberg d. Peder Andreas f. 1819 e. Johan Mysse f. 1822 reiste i 1848 til New York, USAHilsen Stein

Gjest Ingrid Berg Skodje

No vart eg glad!!! Det kan vere rette folka, ja. Namnet Steinberg har eg høyrt, men eg har ikkje klart å søke opp nokon korkje med det eller andre namn eg veit har vore i slekta i dei folketeljingane og listene eg har prøvd. Korleis veit du dette? Har du tilgang til ei bygdebok eller liknande? I så fall er eg interesert i å følge slekta vidare. Det er truleg ein ukjend lekk til før ein kjem fram til mi oldemor Tobine, med søsken Tobias (på garden?) og Bertine og 2-3 brør til. Eg vil gjerne at du kontaktar meg på e-post for vidare info. ingrid@berg.as Tusen,tusen takk for svaret ditt. Beste helsing Ingrid

  • 4 måneder senere...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.