Gå til innhold
Arkivverket

[#17623] Frå Bergen til USA 13. april 1881


Gjest Trygve Utne
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Her er endå eit samantreff:I emigrantprotokollen under lenke i innlegg 1 her på sida, finn eg ein person Lars T. Wike utvandra (same sida i protokollen som Mari). Lars var fødd i Skånevik, men busett i Illinois. Så finn eg denne Ole Wix saman med ein Lewis (Lars?)Wix under 'SDGENWEB File -- Aurora Co. SD -- Federal Land Records ' i 1889-90. LenkeKan det då vera at denne Lars (eller Lewis?) Wix har slått seg saman med Ole Wix og reist vidare frå Illinois til South Dakota i slutten av 1880-åra?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ved vidare søk på family search finn eg at kona til denne Ole Wix i SD også stamma frå Skånevik: Kate Austinvar f.22.11. 1864 i Lisbon, Kendall co. Illinois. Foreldra hennar var: Austin Mosdalen Larson f.22.10.1829 i Skånevik og Siri Stephenson f. 01.12.1830 i Skånevik. Begge dydde i Hetland Sør Dakota. Den som har gitt opplysningane til family search ser ut til å vera ein etterkommar. Slekta bakover etter Kate Austin går ganske langt i Norge (Skånevik) medan Ole Wix er bakerste ledd på den sida. Elles er alle barna oppgitt (dei same som ein finn under 'Birth record' (innlegg). her er også tatt med dødsdato og stad. Kanskje kan ein gjennom dette oppspora nolevande etterkommere for å sjekke ut om dette kan vera eit rett 'spor'.Eg har prøvd å leggje inn lenke til denne sida på family search, men det fungerer ikkje, søk på 'Ole Wix'. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Hei!Helga, her var det mykje! Dessverre så er det ein Ole Tolleivsson Vika (1857- ) på same garden Vika i Skånevik. Han for til Amerika i 1874. Namnet til mora var Ales Larsdtr. Så det er vel han som er gift med Kate Austin, dessverre.Den Lars T. Wike som er med Haldor og Mari er nok bror til denne Ole Wix. Denne Ole har i alle fall ein bror Lars f. 1848 g. m. Valgjerd Samsonsdtr. Øvstebø, til Amerika 1870. (Bror til Valgjerd, Viar var gift med syster til Mari, Siri. Viar og Siri for til Amerika i 1874, så dei har nok kontakt.)Den Ragna Tollefsdtr. Wike som står under Lars er nok ei syster av desse to. Ragna f. 1859, for til Amerika 1881.Dei har også ei syster som heiter Marta f. 1851, for til Amerika 1874. Så det vel dei me finn i lenken for Federal Land Records ' i 1889-90.Om eg går utifrå at han Ole Nielsen brukar ei form for Vika eller Brekke, så eg har i fyrste omgang sett vekk i frå dei som har ein annan mellombokstav enn N. Brukar han etternamnet Nilsen i ei eller annan form, så er det vanskeleg. Då må eg vel gå nøyaktig på fødselsår, men nokre år i frå eller til brydde dei seg vel ikkje så mykje om.Den Ole N. Wicks som døydde 29. aug. 1937 er litt spennande. Ser i atlaset mitt at det er 4 Lewiston i USA, men finn ikkje county Nes Perce. Men det skal eg nok finne med litt leiting.Kjempetakk for all hjelp!!!!Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Beklager blindsporet, men eg er så frimodig at eg prøver med ei ny lenke. Her har eg funne ein 'obits' for ei dame frå Skånevik Augusta Wicks gift med ein John (Johannes B.) Wicks. Etter det som kjem fram her emigrerte ho då mannen døydde og budde saman med sonen i USA. Ho døydde hjå ei dotter i Iowa.I slutten her står det ma. nevnt at mellom dei som deltok i begravelsen var 'Out of town' slektningar Mr. and Mrs. Ole Wicks, of Graettinger. Kan dette vera eit spor eller er dette også den 'andre Ole Wicks frå Skånevik?Lenkemvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Denne damen var og en slektning av meg : hennes foreldre var Per Askjellson Matre Indre og Ågota Sjursdtr Opstveit. Doug (Douglas) Wicks, som har skrevet dette, er etterkommer etter hennes sønn Johannes.Jeg har lenge hatt kontakt med han og det er jo mulig at han har greie på hvem denne Ole Wicks var.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Til Helga! Det er ingen grunn til å beklaga, eg er glad for alle forslag.Men den siste var veldig spennande. Far til Mari, Ola Knutson Åkra var fyrst gift med ei enkja, Marta Eliasdtr. Lauareid Vika. Dei fekk ei dotter, KARI 1817. Ole K. Åkra vart oppattgift med Sofie Eliasdtr. Lauareid, syster til den fyrste kona hans. KARI og Mari er halvsysken, men har likevel alle besteforeldrene felles.Denne KARI vart gift med Bjørne Johannesson Vika. Blant borna er det ein Johannes Bjørnesson, han vart gift med Ågota Persdtr. Indre Matre (1837- ). Dei fekk 10 born. Ågot vart enkje i 1888 og to år etter for ho saman med fire born til Amerika. Dei andre hadde reist tidlegare. Det er nok Ågot som er blitt til Augusta Peterson Matre. Det vil sei at Ågota/Augusta er syskenbarnet til Ole Nielsen Wike. Så Mr. and Mrs. Ole Wicks, of Graettinger er jo veldig spennande.Eg kan ikkje engelsk så godt, eg må ha litt meir tid på til studere all info eg har fått. Er Graettinger ein stad?Kjellaug! Det her var jo spennande!I alle fall kjempetakk nok ein gong!!!!Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Doug er oldebarn til Mons, jeg skrev Johannes, men han ble aldri gift.Jeg har sendt et ord til Doug og håper på snarlig svar.Jeg skal skrive et ord til og fortelle om dette slektsskapet. Han driver med slektsforsking også forresten og bor i Alaska (Anchorage).mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Ved søk på 'Iowa county selection list' og unknown county finn eg at Greattinger ligg i 'Palo Alto' county i Iowa. Rekna nesten med at det var ein stad i Iowa sidan det ikkje var namngitt ein annan stat slik det var med nokre andre av gjestene. Skal sjå vidare om det er noko å finna under Palo Alto county.http://www.celticcousins.net/paloalto/index.htmmvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Venter fremdeles på svar fra Doug og håper han kan finne løsningene på dette.I mellomtiden har jeg kikket på døde i Iowa og fant ingen som passet, mens derimot var det en Ole Wicks i Illinois, f. i Norge i 1852 Bosatt ved dødsfall i Milks Grove, Iroquois, Illinois. film : 1254214 n° : T9-0214 page : 282BFødselsåret passer ihvertfall, men jeg har ikke adgang til disse listene ellers.Har du noe mere om Kari og Mari sine forfedre? Jeg har hjulpet Doug med det jeg har funnet, men om Kari hadde jeg ingenting (nå har jeg jo litt mer ettersom du satte opp hennes og Maris foreldre)mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Eg var nok for snar med det at Ole og Ågota/Augusta var syskenborn. Det er dei ikkje. Eg skreiv at Marta Elisdtr. Lauareid Vika (1773-1818) var enkje. Ho var gift med enkjemannen Mons Knutsson Vika (1757-1816). Marta og Mons fekk fire born. 1. Guri f. 1797, 2. KARI f. 1801, 3. Knut 1804, 4. Elias (1809-73). Marta vart oppatt gift med Ola Knutsson Åkra og dei fekk dottera KARI 1817.Den eldste KARI f. 1801 vart gift med Bjørne Johannesson VIK (1801-71) og får sonen Johannes (1834-88) gift med Ågota/Augusta P. Matre. Mari og KARI f. 1801 er syskenborn. Ole Nielsen og Johannes Bjørnesson VIK (1834-88) er tremenningar. Dei er jo i slekt, men ikkje så nærme som eg trudde.Det er ikkje så enkelt å ha oversikt i ein fart. Eg blanda dei to halvsyskena KARI. Den yngste KARI f. 1817 vart gift med Johannes Knutsson VIKA. To halvsystrer som gifter seg til VIK og VIKA lagar litt krøll. Håpar eg greier å forklare dette, slik at det blir rett denne gongen.Eg har om litt forfedrane til Marta Eliasdtr., mor til KARI f. 1801. Eg har Skåneviksoga slik at eg kan finne litt ut om forfedrane til Mons Knutsson Vika. Men det treng eg litt lenger tid på, det gjekk litt for fort i siste innlegg. Håpar det er rett denne gongen.Det er jo interessant at det er ein Ole Wicks som er fødd i 1852 i Illinois. Eg må bruka litt tid på summera all info. eg har fått.Nok ein gong takk til Helga og Kjellaug for all hjelp.Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Takk skal du ha, Trygve, da var det rett det jeg hadde at hun het Kari Monsdtr. Skal få rette opp dette igjen.Jeg har ikke hørt fra Doug enda, men det kommer nok. Skal holde deg underrettet.Mvh Kjellaug kelly.petit@wanadoo.fr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ved å søkje på ft. 1920 for USA får eg opp at der er 5 Ole Wicks, og for 1930 6 Ole Wicks. Eg har ikkje abonement på 'Ancestry com', og kan difor ikkje finne alder eller kor dei budde. Kanskje nokon med abonnement kan hjelpa her? Elles så kan det jo vera at 3-meningar kjende seg i slekt når dei var så langt heimefrå og elles kom frå same staden. det kan vel også vera same person Kjellaug har funne som seinare flytta frå Iowa til Illinois og døydde der.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

1930:Ole Wicks 79 1850 Norway Head White Nettle Creek, Grundy, ILOle Wicks 57 1872 Norway Head White Lisbon, Kendall, ILOle Wicks 67 1862 Norway Head White Jack Creek, Emmet, IAOle S Wicks 69 1860 Norway Head White Mylo, Rolette, NDOle Wicks 49 1880 Norway Boarder White Durham, King, WAOle Wicks 52 1877 Norway Head White Duncan, Spokane, WA 1920: Wicks, Ole 39 1880 Norway White Jack Creek, Emmet, IowaWicks, Ole A 68 1851 Norway White Roland, Story, IowaWicks, Ole E 35 1884 Iowa White Fortier, Yellow Medicine, MinnesotaWicks, Ole M 41 1878 Norway White Steilacoom, Pierce, WashingtonWicks, Ole 41 1878 Norway White Elk, Spokane, Washington Det blir så mange innlegg å lese gjennom, dere får velge hvem som bør kikkes på. Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Med tanke på alle andre frå Skånevik og Sunnhordland elles som slo seg ned i Story county, Iowa, så er det vel kanskje verdt å undersøkje nærare den Ole wick som er oppgitt f. 1851 eller 68 år i 1920. Trur eg har sett einskilde stader at f. år i desse folketeljingane er antatt år ut frå alder, at han var 68 år i 1920 kan vel då også innebera f. i 1852?Eg synest det er litt spanande med alle desse 'Sunnhordlendingane' som havna i Story Co. Iowa etter først å ha komme til Illinois. Det står ein heil del om dette i Bygdeboka for Bømlo (nr.6). Dette gjaldt også halvbroren til min oldefar (herfrå Bømlo)som fyrst emigrerte til Kendall co. Ill., men seinare slo seg ned i Iowa. Han var då blitt enkemann og gift på nytt med ei enka frå nettopp Skånevik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fikk brev fra Doug i dag, men dessverre.. han vet ikke noe mer om denne Ole. Her er svaret : 'I do remember the mention of an 'Ole Wicks' in my gr-grandmother's obituary; however, no one seems to remember who he might have been or how he was related. I think there was also a 'Sam' Wicks mentioned, but no one knows about him, either. I've never been able to find them for certain in any of the US census records for that area and time. My uncle Amos (my Dad's youngest brother) made a vague comment when I asked him if he knew - something like 'I think he might have been a cousin'. So, he very well could be the person this new 'cousin' has found.'Kanskje han flyttet? Jeg tror jeg ville ha sjekket denne i Illinois som faktisk synest å være den eneste som er født i 1852.Lei for at dette var et blindskudd. Men Doug har lovet at dersom han kommer over noe, skal han gi beskjed.Hva om du prøvde å kontakte Gwen du og, hun fant 'mine' på en dag (se under Grandaunt in America)mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

I 1920: Ole A. Wicks, 68 år, gift, f. i Norge, eier sitt hjem, immigrerte i 1892. Han var farmer.Lissie Wicks, 62 år, immigr. 1892, f. i NorgeAlice Wicks, 25 år, f. i Norge.----------------Den Ole Wicks som i 1930 er 79 pr, er i Grundy Ill, , er single, f. i Norge, imm. i 1890.------Alderen det spørres etter i census er age of last birthday.......

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Trygve sin Ole emigrerte jo i 1881, så da kan det ikke være disse.Jeg prøver nå noe annet. Jeg har en distant cousin som er gift med en Mormoner, de har funnet mye for meg. Nå har jeg sendt et brev til han med de diverse linker vi har her om Ole, man vet aldri.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Trygve, kan du kontakte meg via e-mail etter helgen, så skal jeg sende deg det vi har funnet ut om Dougs forfedre slik at du ikke leter etter noe vi allerede har.mvh Kjellaugkelly.petit@wanadoo.fr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Endeleg vart det helg og fri. Eg må berre takka og bukka for all hjelp!!!!!For å oppsummera, så er det vel Mr. and Mrs. Ole Wicks of Graettinger som kan knytast til slekta/inngifte til min Ole. Den obitary til Ågot/Augusta var skriven ca. 1925, så han burde i alle fall være med i ft. for 1920. Det er også ein Ola f. 1851 frå Vika (på eit nabobruk) som for til Amerika i 1870. Faren heitte Tørres f. 1826, mora Lisbet (1822-55). Faren gifte seg oppatt med Ales f. 1840 og drog til Amerika i 1887. Så det er kanskje den eine av dei Ole. Men om han er i slekt med Ågot/Augusta har eg ikkje funne enno. Det skal ikkje vera lett!Den Ole Wicks f. 1852 Norway, busett i Milks Grove, Iroquois, Illinois er vel med i ft.1880, året før min Ole kom til Amerika.Nok ein gong kjempetakk til Helga, Laila og Kjellaug. Mail til Kjellaug vert sendt i løpet av helga.Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Då eg etterlyste informasjon om halvbror til min oldefar som også budde i Story county Iowa, fekk eg god hjelp av Mark Christian som er koordinator for Story County sine slektsider. Han stammar frå Skånevik og har lagt inn det meste som er på desse sidene. Eg hadde kontakt via E-mail og fekk ma. tilsendt info som stadfesta at det var rett person eg hadde funne, (namn og fødestad for foreldra til oldefar her i Norge, dette var info som var oppgitt der borte då oldefars bror døde.) Kanskje ein E-post til denne Mark Christian kunne vore til hjelp? Informasjonen var gratis.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Hei!Takk nok ein gong for nyttige tips. Prøver å summera opp alt eg har fått til no. Dessverre forsvinn nokre av dei personane som har namn som liknar. Eg er litt forsiktig med å gje meg ut på diskusjonar på engelsk. Angra bittert på at eg ikkje fylgde betre med i engelsktimane. Å lesa engelsk går på eit vis med ei ordbok i nærheten. Men å skriva engelsk kvir eg meg til, så eg vil prøva finna ut mest mogeleg før eg byrjar med å skriva på engelsk. Det er i alle fall kjekt å vite om mulighetene som er.Eg vart litt skuffa då eg fann ut at det var ein Ole T. Vika frå Skånevik som var fødd i 1851 og drog til Amerika i 1873. Synest det var nok med ein med det namnet.Det er rart om ikkje det skulle kunne finne nokon av mora, stefaren eller halvsyskena til Ole der borte. Dei må jo ha kome til USA, sidan ei av halvsyskena er gift der borte. Eg har leita litt etter dei, men har i fyrste omgang leita etter Ole.Har leita etter andre, sysken av forfedrane mine, med vekslande hell. Men det er jo meir spennande med dei som ein stammer etter. Det er eit puslespel som tek tid.Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er jo ikke noe problem om du ikke kan skrive på engelsk, vi er nok mange som kan hjelpe deg med det.Har ikke hørt noe fra Snowden (mormoneren min), men håper at han tar kontakt.Som jeg sa, så har jeg nå fått kontakt med tremenninger i Statene takket være Gwen A Sackrison sackrison@angelfire.com og jeg tror at jeg ville ha kontaktet henne med all den info som du nå har.Det er jo alltid spennendes å se om puslespillet blir løst-:)mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Laila satte opp flere fra FT 1930, men det er vel mye mulig at han kan ha vært død da?Ser her at det i 1900, 1910 og 1920 var et par interessanne i Iowa : LenkeOle Wicks found in: Census Microfilm Records: Illinois, 1900 Ole A. Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1900 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1900 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Nebraska, North Dakota, South Dakota, 1900 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Illinois, 1910 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Illinois, 1910 Ole A. Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1910 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1910 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1910 Ole A. Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1920 Ole Wicks found in: Census Microfilm Records: Iowa, 1920Man må dessverre betale for å få adgang til disse, men det er vel de som har denne muligheten?mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.