Gå til innhold
Arkivverket

[#17623] Frå Bergen til USA 13. april 1881


Gjest Trygve Utne
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei!Trur kanskje det kan vera lurt med ein e-mail til Mark Christian som ma. er koordinator for Story County gen web i Iowa. Han driv slektsgranskning på slekter frå Norge og området rundt Skånevik. Sikkert nokon som kan hjelpa deg med engelsken, http://genloc.com/index.htmmvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

Jeg er dessverre så nedsylta i jobb og andre ting for tiden, at jeg ikke har tid til slike tid- krevende oppslag.Dersom du synes det er vanskelig å skrive engelsk, bør du få noen til å hjelpe deg. Det er helt utrolig hva du kan få tak i ved å henvende deg der borte.Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Hei!Takkar for innlegga. Eg har lest dei lenkene eg har fått til no. Det er mykje interessant og mange muligheter. Har no fått hjelp med å skrive, så eg vil prøva meg litt forsiktig fram.Det er jo litt rart om ein ikkje skulle finne nokon av den familien. I det minste burde det gå an å finna halvsystera Marta. Det må ha vore henne og mannen som har vore heime, men reiser tilbake til USA i 1895. Då skriv dei seg som Svindland og har med to gutar som er fødd i USA. Theodor Larsen Svindland f. 1890 i Iowa og Herry Larsen Svindland f. 1892 i Illinois. Lenke Så desse må ha flytta ein del, i Skåneviksoga er det ført at Lars er farmar i Minnesota. Har prøvd å søkje på desse utan å finna dei. Svindland er eit gammalt namn på Svelland.Takkar for all hjelp så langt!!!Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

I 1909 reiste en Theodor Svindland som passer med alderen over til en bror, Jonas : LenkeHan er n° 23, kikk på ark nummer to, der står det opplysninger om hvor han skulle. Kan dette ha vært Martas sønn?Eller var/er det Svindland andre steder i Norge enn Svindland/Svelland i Skånevik?mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Takk igjen! Det er nok ikkje han. Han her er å finne i ft. 1900 under Svinland i Egersund og faren heiter Torger. Det er nok fleire stadar med liknande namn.Det var ikkje lett dette, men nok ein gong tusen takk for hjelpa!Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg tok ein liten kikk på 'Death certificates' i Minnesota. Her er veldig mange med etternamn Brekke og når berre dødsdatoen er oppgitt, er det vanskeleg å kontrollere. Her er ma. fleire ved namn 'Mari Brekke' Lenkemvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Beklager, lenka fungerte ikkje slik den skulle, og ved nærare ettersyn var det oppgitt fødselsår på dei fleste og dei var alle for unge. Einaste denne her kan vera aktuell:CertID# 1939-MN-003746 BREKKE, MARY Date of Death:11/11/1939 County of Death: DODGE

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trygve Utne

Hei Helga!Mari som var fødd i 1828 vil vel ha vore 111 år gammal i 1939. Det er vel litt i eldste laget? I så fall er det ny rekord i slekta!Takkar så mykje for alle innspel. Det er hjelp i alle nye tankar.Mvh. Trygve Utne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Trygve Utne

I dag 19. oktober er det tre år sidan eg la inn dette innlegget. Det kan kanskje vere interessant for nokon å høyra korleis det gjekk.Kjellaug gav meg adressa til Gwen Sackrison og hjelpte meg å skriva eit brev til henne på engelsk. Etter nokre brev fram og tilbake vart det for tungvint å la Kjellaug oversetja alle breva, så eg måtte prøva å skriva på engelsk sjølv. Utruleg nok, etter litt trening kom noko av den engelsken eg lærte på skulen for mange år sidan til nytte. Eg kan ikkje skrive så god engelsk, men så lenge amerikanarane forstår meg, får det vera bra nok! Gwen fann dessverre ikkje ut noko om ”min” Ole, men skaffa meg opplysningar om andre slektningar.I juli 2004 fann eg ei dame i Minnesota som søkte etter slekta til ein av brødrene til min tipp, tipp oldefar. Eg sende ein e-post til dama og fekk svar nesten med ein gong. Det viste seg at ho var gift med ein sjumenning av meg. Etter tre fire dagar vart eg invitert bort til dei og to månadar etter var eg der borte og besøkte dei! Hadde ei fin og interessant veke der borte. Nest siste dagen eg var der fekk eg kontakt med nokre andre slektingar av meg. Så dermed var det nye e-postadresser å skriva til borte i USA.Dama som eg besøkte fann i fjor ein blogg der det var skrive om Lars Swelland, mannen til halvsystera til Ole. Eg tok kontakt med mannen som hadde skrive dette. Han visste dessverre ikkje noko om ”min” Ole.I slutten av juli i år reiste eg tilbake til Minnesota for å besøkje mine nye slektningar. Mannen som skreiv om Lars Swelland tok meg med til eit syskenbarn til far hans. Ho visste heller ikkje noko om Ole, men sa at familien vanlegvis hadde ein reunion nede i Iowa i august og der kunne det vera ein som visste noko. Dessverre måtte eg reisa vidare, men han eg besøkte reiste på den reunionen. Ei veke etter på fekk eg ein e-post som fortalte at Ole var funnen! Han hadde tatt stefaren sitt namn og kalla seg for Ole H. Severson. Så det er ikkje rart han var vanskeleg å finne. Ole vart gift og fekk ti born, åtte som vaks opp. Ei av hjelparane mine i USA fekk ein til å slå opp i ei bok med biografiar, der Ole var nemnd. Den biografien er no også lagt ut på nettet: LenkeFor nokre veker sidan fekk eg tilsendt nesten hundre sider med namna på etterkommarar etter Ole og halvsyskena!Så med dette vil eg takka alle som har hjelp meg med dette!! Ein ekstra stor takk til Kjellaug som fekk meg i gang med skriva på engelsk!! Tusen takk!!Mvh. Trygve Utne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Kjempehyggelig at det ble et positivt resultat-:)Også kjekt at jeg kunne være til litt hjelp.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.