Jump to content
Arkivverket

[#17725] Mons Jensson Heltne, f. Luster 1756 - til Guyana i Sør-Amerika - lagnaden hans?


Guest Lars E. Øyane

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Mons Jensson Heltne, døypt i Luster 15.8.1756, son av gardbrukar Jens Monsson på Heltne (1726-1796) og kona Gjertrud Pedersdotter frå Bjørkum i Lærdal (1728-1803), reiste i ung alder ut som sjømann og budde ei tid i København, men då faren døydde i 1796 vert det fortalt at Mons hadde butt både i London og i Amsterdam, men at han som mannskap på ei hollandsk skute til Karibien hadde vorte teken til fange av engelskmenna og sett i fengsel i Demerara, British Guyana. Han kom aldri heim att til Luster!Eg har i mange år spekulert på lagnaden til denne første kjende ''emigranten'' frå Luster og vonar at kanskje ein eller annan av Brukarforumet sine lesarar kan bidra med gode tips?Eg takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.