Gå til innhold
Arkivverket

[#17856] Foreldre til Arne Hansson frå Navarseter i Sogndal født 1810


Gjest R. Slagstad
 Del

Recommended Posts

Gjest R. Slagstad

Arne Hanson frå Navarsete i Sogndal var gift med Gunnhild Ellingdtr. Kvam. Ønsker opplysningar om foreldre, gård og ev. sogn hvis han var innflyttar.På forhånd takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Arne Hansson på Navarsete i Sogndal vart døypt i Hafslo (Luster) 25.3.1810, men flytte med foreldri sine, Hans Aanundson (1771-1851) og Martha Arnesdotter (1777-1848) til Sogndal kring 1815. Hans kjøpte eit bruk på Navarsete som Arne sidan tok over.Hans Aanundson var frå plassen Stein under Kvam nedre i Hafslo, medan Martha Arnesdotter var frå garden Fet. Dei gifte seg i Hafslo 5.6.1804 og var husmannsfolk på plassen Haugen, truleg under Hillestad, på Hafslo til dei flytte til Sogndal.I samband med bygdebokarbeid for Hafslo (Luster) er eg interessert i fleire opplysningar om huslyden til Arne og Gunnhild, både i Sogndal og i Amerika. Eg har funne att dotteri Unni Arnesdotter i Amerika, men kva veit du til dømes om sonen Hans Arneson, fødd 1834, som utvandra til Amerika i 1867 med kone Ingeborg og tre born?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest R. Slagstad

Tusen takk for svar!Veit dessverre lite om andre etterkommarar etter Arne Hansson enn Ingebjørg Arnedtr. som vart gift med Ivar Nilsson Ølnes.Mvh R.S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

So vidt eg forstår, so tok Iver og Ingeborg over som gardbrukarar på heimebruket hans på Ølnes i Sogndal. Dei fekk sju born, men eg manglar to detaljar:* Dato og stad for dødsfallet til Ingeborg Arnesdotter på Ølnes?* Dato og stad for dødsfallet til Iver Nilsson på Ølnes?Om du har desse detaljane, so vil det òg vera til god hjelp for meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest R. Slagstad

Ingeborg Arnesdtr. døde i 1940 i følge Heimbygdi Vår, Sogndal, Årbok VIII. Sted eller dato for dødsfallet er ikkje nevnt. Son til Ivar, Nils, tok over garden i 1922, men det står ingenting om kor lenge Ivar levde.Mvh R.S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.