Gå til innhold
Arkivverket

[#18081] Peder Andersson Vasstranda i Borgund (1787-1855) - kvar vart det av sønene hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Andersson, døypt i Luster 20.5.1787, flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre der han 20.10.1816 gifte seg med Bertha Oline Petrikke ''Olina'' Johnsdotter frå Vasstranda i Borgund og døypt i Borgund 21.12.1794. Peder og Olina tok i 1817 over heimebruket hennar på Vasstranda, men Olina d. der alt 15.4.1825. Peder d. som kårmann same staden 14.1.1855. Peder hadde tre søner, og her tek vanskane til:* Anders Pederson, son av Peder og ugift mor Anna Margrethe Olsdotter Talle i Luster (1771-1833), vart døypt i Luster 3.10.1810, men reiste truleg med far sin til Borgund, elles ukjend.* Peter Andreas Pederson, fødd i Borgund 17.12.1816, ukjend.* Berent Andreas Pederson, fødd i Borgund 12.11.1820, ukjend.Eg har leitt etter desse borni i dødsfallslistene og vigselslistene for Borgund, men utan resultat. Kanskje utvandra dei til Amerika?Er det nokon som kan hjelpa meg finna ut kvar det vart av desse tre sønene til Peder Andersson? Finst det skifteprotokollar for Sunnmøre?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Denne kan være en mulig kandidat for Berent Andreas :BERNT PEDERSSEN Spouse: INGEBORG MORTENSDR Family Marriage: 20 JUN 1847 Borgund, More Og Romsdal, NorwaySource Information: Batch No.: Dates: Source Call No.: Type: Printout Call No.: Type: M421777 1831 - 1854 0124807 Film NONEmvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Kjellaug, for eit lovande innlegg. MEN, ved nærare ettersyn finn eg at denne Berent Pederson var fødd kring 1809 som son av ein Peder Ellingson, so eg fryktar at det er ''back to square #1''.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Gry Axelsen

Hei, så din etterlysning, og kan hende har du alt funnet Peter Anderas Pedersen, men her er en mulig kandidat:Peter Petersen Simevig, og Ane Halvorsdatter, Komagvær.K: Conf. 8 Juny, Bet. Til Fader opgivet Peter Petersen fra Simevig hvor han skal være gift. Pigens 3 Leiermaal cfr. Pag. 15 og 98Hennes 3 leiemål.Barn: Peter AndreasFaddere:Faddere Abraham Zachariass. Komagfd. Jacob Jocobs. Komagfd. Niels Lars. Komagfd. Kirsten Nielsd. Komagfd. Berith Andersd. Komagfd. Hjemmedåp Hmdbt. af Johan Z. Myhre Denne Ane Halvorsdatter er nok av Qvammefamilien, med mulig opphav i Luster.Gry

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gry for innlegg.For betre å kunna vurdera dei opplysningane som du kjem med, kan du føya til nokre datoar og årstal?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.