Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#18790] Elling Børresen Hildre, Haram ca 1691 - 1739


Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Elling Børresen ca 1691 - 1739 vart i 1731 gift med enka Ragnhild Ingebrigtsdtr. f 1699 på Engeset, Grytastranda, først gift med Hans Andersen Hildre, f Gryta. Eg trur Elling må vere innflyttar til Haram. Børresen (Børgesen) var eit relativt ukjent namn i Haram. I dødslista er han innførd som Elling Borgen. Kan det vere råd å finne ut kvar han kom frå?

  • 11 måneder senere...
Gjest Ivar Fylling

Ei kjelde omtalar han som Elling Børresen Fet. Han gifte seg med Ragnhild Ingebrigtsdtr. Engeset (Grytastranda) og bygsla 4 mellag på Ytre Hildre av C. Abelset i 1731. 'Fet' er ikkje ulikt 'Fitje', men det er kanskje ein stad på Sunnmøre?

Gjest Gunnar Ellingsen

Eg skal ikkje ta stilling om det er den Elling som er etterspurd i innlegg nr. 1, men manntalet for Nordre Bergenhus i 1701 syner at Elling Børgeson på Indre Fitje i Gloppen var 8 år og son til 66 år gamle Børge Monsen.Band 3 av bygdeboka for Gloppen fortel at Byrge Monsson Arnestad var brukar på br. 8 Gunnarbruket på Indre Fitje. Han var gift med Gyda Rasmusdtr Fitje som var noko yngre enn Byrge, sidan ho var 45 år då ho døydde i 1697.Eg har også sett i brukarlistene m.m. for garden Fet i Sykkylven som jo ligg mykje nærare Grytastranda/Hildrestranda, men finn ingen aktuell Elling eller Børge der.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.