Gå til innhold
Arkivverket

[#18964] Vigde i Bergen 1903.Gustav A. S. Juvik Askøy og Ingeborg J.Jørgensen Bergen.


Gjest Olav Gatland
 Del

Recommended Posts

Gjest Olav Gatland

Gustav Albert Severin (Olsen)Juvik gifter seg i N.K 14/3-1903 med Ingeborg Johanne Jørgensen fra Bergen f.1884. Jeg har problemer med å finne Ingeborg født i Bergen,og dermed hennes opphav. Er derfor intresert i andre opplysninger som kan være opplyst ved ekteskapet.Mvh.Olav Gatland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ved vielsen 14. juni 1903 i Nykirken står det at bruden Ingeborg Johanne Jørgensen var datter av Jørgen Nilsen, arbeidsm., og at hun var født i Bergen i 1884. Det står 'konfirmerede', men uten at det er oppgitt når og i hvilken kirke. Det står heller ikke noe om kirkesoknet der hun var døpt. Det er dessverre ikke bevart lysingsbok fra Nykirken 1903.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Bruden Ingeborg Johanne kalles også Ingeborg Johanne som mor til dåpsbarn i Askøy, og hun skal være født i 1884, ikke i 1882. Jeg har derfor forkastet Ingeborg Jørgine som kandidat. Hun er kalt Ingeborg Jørgine også i 1891-tellingen. Jeg tviler vel litt på det oppgitte fødested Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Ved landsdekkende søk i 1900, fornavn beg. med Ingebor og etternavn geg. med Jørgen, fødselsår 1884 , da får jeg kun to tilslag.Den ene befinner seg i Luster. [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01426.wc2&variabel=0&postnr=1084&fulle=true&spraak=n>LenkeOg den andre befinner seg i Kristiania. Hun er født i Hurum og heter Ingeborg Johanne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ingeborg Johanne finst i boka for presten for Pleiestiftelsen (Stiftelsene). Ho vart f. 0110 utafor ekteskap og døypt 1910 1884. Faren var Em. Arbeidsm. Jørgen Nilsen Solheimsvigen 40. Mora var Karen Monsdtr. Gjerstad (frå Haus) 1846.Dette var 'Moderens 5te barn' står det i kyrkjeboka - alle utafor ekteskap. Eg har klart å finne: 1. i 1880, 2.: ? (men truleg 1881), 3.: 1882, 4.: 1883, 5.: dette - og så fann eg eit som truleg er 6. i 1886.Pastor Grønvold var etter måten flink med bokføring av slikt. Difor står det første, 3dje, 4de, og 5te på fire av dei. Ved det siste eg fann, var faren svensk og mora har same namn og f.år som ved dei andre høva.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Gatland

Tusen takk til alle. Dette var svært gledelig,endelig kom det store gjennombruddet. Fam.dette gjelder har i mange år forsøkt å komme til 'bunds' i opphavet til Ingeborg Johanne. Man snakket ikke om slikt i 'gamle dager',men fam hadde en anelse om at noe slikt lå bak.Har noen spørsmål til,om det er mulig å få svar på desse:Hva er pleiestiftelsen og hvor lå/ligger den ? Hvor var barna døpt,og var det forskjellige fedre til alle barna ?Mvh.Olav Gatland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ho må på eit eller anna vis ha 'ramla utfor' på slutten av 1870-talet - og ho var i så fall ikkje åleine.0301 1601 får ho Marie Karoline med Skomagermester Sverke Olai Jansen frå Fane Prest. Dette baret er bokført døypt i Fødselsstiftelsen. Det står då at dette er deira fyrste leiermål. (Det kan vere feil når det gjeld Karen, for eg finn ikkje barn nr. 2, dog heller ikkje eit før.111281 080182 får ho Jens Kristian med Uk. skreddersvend Lars Olsen Bukøen. Han er 24 og bur i Kortpilsmug, ho bur då på Arbeidsanstalten (der politistasjonen og Sentrum Folkets hus var seinare, pt Bergen Byarkiv i Allehelgensgt.) Dette barnet er ført i boka til presten for Pleiestiftelsen som òg hadde oppsynet med Arbeidsant. - på den tida pastor Grønvold.2405 1006 1883 får ho Anne Martine med Uk. Sømand Ananias Grønsdal, 32 år med adr. Grønsdal i Samnanger. Ho er då bokført som 37 år med adr. Arbeidsanst. i boka for Pleiestiftelsen.1884 får ho Ingeborg Johanne med Jørgen Nilsen, som før nemnd.0207 1107 1886 får ho Olufine Magdalene på Fødselstiftelsen med Ug. Arbejdsmand Johan Olsen frå Sverige, f. 1844. Adressa er då oppgitt å vere Fantoft i Fane.Pleiestiftelsen (for spedalske) låg midt i Kalfarbakken. Presten der hadde altså òg oppsynet med dei som var på Arbeidsanstalten, eller 'Tvangen' som den òg heitte.Førebels veit eg ikkje meir om lagnaden til Karen Monsdatter, eg finn henne ikkje død i Bergen, ei heller i 1891- eller 1900-teljinga. Eg har heller ikkje tilgang til andre kjelder her og no, men eg veit det finst folk som har arbeidd med det miljøet ho truleg har vore ein del av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg kan elles opplyse at eg finn Gustav og Ingeborg Johanne med to born til dåpen i Askøy i mitt askøy-register:0905 1206 1904 - Torvald Olai. Då er faren Værksarb.1603 1304 1911 - Ole Johan. Då er faren Gaardbr. og stenarb.Om der var born mellom desse, må dei vera døypte andre stader. Born etter 1911 kan derimot vera døypte i Askøy, men dei har eg ikkje tilgang til her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Gatland

Tusen takk for opplysningene,ja dette var litt av en historie. Mener jeg finner Karen i FT.1900 framdeles boende i Allehelgensgt.3. Der finnes flere barn antagelig f.etter 1911.Mvh.Olav Gatland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, det er nok ho du finn der. Eg må vedgå at eg leita ikkje særs godt.Men historia hennar er ikkje spesiell. Her kan du lesa meir om dei jentene som 'fall utafor' - eller vart 'brukte':[url="http://digitalarkivet.uib.no/sab/bergensposten2/piker.htm>LenkeOg spør du Bente Kopperdal på SAB, veit ho heilt sikkert meir om dette tema. Ho har skrive oppgåve om nokre av dei.Men som du skreiv; ein snakka ikkje om dette 'før i tida' - knapt nok no. Eit anna døme frå same tidsbolken, finn du i artikkelen min om Armauer Hansen - den verdskjende lepra-lækjaren frå Bergen som framleis har ei 'stjerne' i spedalsk-arbeidet. På heimebane var han mildt sagt ein ...?:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Gatland

Takker for henvisningen til 2 veldig gode artikkler,med tilknyttning til dette tema.Det var liv og røre på Nøstet i de dager. Ettersom jeg har problemer med å identifisere Em.Jørgen Nilsen,Solheimsvigen 20 (1884) som dengang kansje hørte inn under Årstad,vil jeg spørre om det står opplyst noe mere om mannen i presteboken.Jeg tenker da på alder og hjemsted.Mvh.Olav Gatland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, Nøstet var ikkje det det er vorten seinare.Når det gjeld Jørgen Nilsen, står det 40 på han i 1884.Solheimsvigen er den adressa som er oppført i kyrkjeboka, truleg for barnemora. 40 står i feltet for fars alder/f-år. Sidan det står 1846 i tilsvarande felt for mora, vil eg tru 40 er alderen på faren. Han skulle då vera fødd kring 1844. Eg har ikkje leita etter han, men du finn han kan hende som vigd - og då bør du òg kunne finne kona død. Dessutan ligg 1875-teljinga ute både for Bergen og Årstad.Om du ikkje har tid i kveld, skal eg sjå etter han når eg har fått unna noko arbeid no kring midnatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Litt utfyllande opplysningar: Ved Ingeborg Johannes dåp står det at barnefar er enkem. Arbeidsm. Jørgen Nilsen, at han er cr. 40 år gammel og at han bur i Solheimsvigen. Om mora står det at ho er på Arbeidsanstaltens Fattigavdeling og at dette er hennar femte born med fem forskjellige fedre.Ingeborg Johanne Jørgensdtr vart konfirmert i Askøy den 1. oktober 1899. Ho er innført som fødd i Bergen og at ho var busatt i Vaagen ved konfirmasjonen. Om foreldra står det same som ved dåp, Enkemd. Arb. Jørgen Nilsen og P. Karine Monsdtr Gjerstad.I 2005 er det 250 år sidan det offentlege, lovregulerte fattigstellet kom i stand i Bergen stift. Dette skal sjølvsagt markerast, og me held no på med å laga eit register over fattige i Bergen by mellom 1865 og 1895. To av protokollane som registeret skal dekka, inneheld Ingeborg Johanne Jørgensdtr. Det fortel at ho budde hos fosterforeldre, Peder Pedersen Skaholmen/Skarbøholmen på Askøy. Far hennar er omtala som Jørgen Nilsen Aarstad.Karen (Kari) Monsdtr Gjerstad hadde eit barn som ikkje er nemnd her til no. Barnet var fødd 4. juni 1874 og døypt 27. juni same år i Haus prestegjeld. (Kyrkjebok for presten i Haus A 18, 1871-1877,fol. 48). Barnet vart døypt Anna Karina. Mor: Kari Monsdtr Gjerstad (29) og Samuel Ludvigsen Nordre Tvedt i Os prestegjeld (24). Det var oppgitt at han var skomakersvenn i Bergen.I registeret me arbeider med å laga, er Anna Karina omtalt som Karoline. Der går det fram at ho var hos fosterforeldre, Mons Sjursen Præsthun i Haus. Om barnefaren står det at han er i Amerika.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Gatland

Tusen hjertelig takk til Bjørn og Marianne. Det kan synest som denne historien ingen ende vil ta. Det kan nok stemme at Ingeborg voks opp på Askøy sjøl om jeg ikke finner henne i folketellingen 1900,(fam har en anelse om det.) Dette registeret du nevner vil det bli lagt ut på nettet,eller publisert på annen måte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg trur denne Peder Pedersen Skarholmen er Peder Olai Pedersen, gift med Trine Martine Steffensdatter. Peder Olai må vere død før 1892, for då gifter Trine seg oppatt med Sakarias Andersen Strudshavnsvågen. Desse finn du under Vågen i Askøy 1900. Men då er Ingeborg Johanne foren or fosterheimen, sjølvsagt, i og med at ho er konfirmert.Elles er prosjektet til Marianne spanande. Men trass i at kjeldene seier faren hette Jørgen Nilsen Årstad og budde som enkjemann i Solheimsviken, har eg problemar med å finne fyren i kjeldene mine. Og då har han gøymt seg godt ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Gatland

Tusen takk Bjørn! Ser at du har kommet fram til det samme som jeg, angående Ingeborg J.Jørgensen fosterforeldre. Det er alltid kjekt å få det 'bekreftet' fra profisjonelle på området. Mvh.Olav Gatland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.