Gå til innhold
Arkivverket

[#19061] Hans Hansson Øvra Økland, Stord f. 1764


Gjest Kjellaug Robberstad Petit
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg leter etter forfedre til Hans og også til hans kone Sissela Håkonsdtr Føyno fra Stord. Jeg vet ikke når hun ble født.De flyttet til Gilje på Bømlo.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Du er på rette sted og Haagen er meget mulig en variasjon av Håkon, alder kan også passe. takk skal du ha-:) mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Bygdeboka for Stord er nokså mager på 1700-tallet. Jeg har ikke funnet noe som passer.Ved søk i Digitalarkivet går det an å finne Hans og Sissela på Gilje i 1801, samt Sisselas to ekteskap fra 1791 og 1794. Sissela er to år yngre enn mannen i 1801 (35 år). I 1791 gifter hun seg på Stord med Lars Johannesson Tveita, og de flytter til Gilje. Lars dør 1793 og Sissela gifter seg i 1794 med Hans.[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11218.wc2&variabel=0&postnr=2249&fulle=true&spraak=n>LenkeLenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Takk for lenker og opplysninger, det blir nok vanskelig å finne ut mer her da.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Ivar Rotvoll Tautra

Eg vil tippa (men veit det altså ikkje sikkert) at Hans Hansson Øvre Økland f. 1764 var son til Hans Jørgenson på same garden. Hans Jørgenson vart gift i 1755 med Anna Hansdtr Børtveit. Sjølv var han son til Jørgen Hansson på Øvre Økland og ei første kone som var død før 1749. Erik Bakkevig skriv om denne slekta i 'Sunnhordlandslekter', men nemner diverre ikkje born etter Hans Jørgenson. Mi erfaring med boka til Bakkevig er at fråvær av omtale av born slett ikkje treng tyda at personen ikkje hadde born... Men altså: Du finn Hans Jørgenson og eit utgangspunkt for anane hans i band I side 173-174. Slekta til Anna Hansdotter Børtveit finn du m.a. på side 179 i det same bandet. Mvh Per Ivar R. Tautra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Takk for tipset-:) Det hørest temmelig plausibelt ut.Jeg skal kikke etter denne boka til sommeren når jeg kommer tilbake til Norge.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Trur kanskje at eg har funne ut noko om Sissela Haakonsdatter Føyen (kanskje du også har funne dette for lenge sidan).I flg. bygdeboka er det nemnt ein Hallvard som budde på Føyno i 1753, og i 1756 har son hans, Håkon Halverson fått bygsel på bruket. Kan Sissel vera dotter til denne Haakon?Eg meinar å ha funne at denne Halvard var Halvard Larson Peterteigen, eldste son til Lars Steffensen Petterteigen som gifte seg med Guro Roaldsdatter Føyen i 1740 (datter til Roald Hanson Føyen, nemt i bygdeboka).Eg etterlyste skifte etter Lars Steffensen Petterteigen her på arkivfora fordi eg har grunn til å tru at han kan vera min 4. tippoldefar på farssida. Sonen Lars Larson f. på Petterteigen og bror til Halvard Larson på Føyno var i så fall min 3. tippoldefar. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Haakon Halvardson Føyen var i flg. bygdeboka gift med Sissela Larsdatter. Så det er vel mulig at dei hadde ei datter oppkalla etter mora. Elles finn eg under døypte i Stord at Haagen hadde desse barna 1) Karj f. 1757 (død liten???) 2) Carj f.1759 (I flg. bygdeboka gift med Peder Hanson Siggervåg) 3)Halvor f. 1771.Skal sjå om eg finn meir.Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Muleg at dette er foreldra til Sissel Haagensdatter.LenkeFarbror til Haakon (bror til Halvar Larsen) som kom frå Petterteigen budde på Vikanes og Jensaneset som vaksen. Muleg at også Halvard har budd der ei tid.Far til Lars og Halvard, Lars Steffensen, døydde tidleg (50 år gml i 1746), mora gifte seg oppatt og den nye mannen, Hans Roaldson, overtok Peterteigen (iflg. det som står i bygdeboka). Då mor til Halvard døde i 1769 gifte enkemannen, Hans Roaldson seg oppatt og vart verande på garden. Halvard lyste i 1768 odelsretten sin til Peterteig, men kom ikkje til å gjera odelsretten gjeldande).Det er vel då truleg at Halvard alt var flytta til Føyno dersom dette er den Halvard bygdeboka nemner i 1753 og som då var far til Haagen.Under vigde i Stord finn eg Halvor Larsen (son til Lars Steffensen) gift med Guro Roaldsdatter. Ho var vel då datter til Roald Hanson som er nemd eigde halve garden på Føyno (Bygdeboka).Her vert mykje att og fram, men det eg då lurer på, er om mor til Halvard i 2. ekteskap og Halvard kan ha gifta seg med bror og søster, alts barn av Roald Hansen på Føyno?Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er lenke til mitt innlegg der eg etterlyser skifte etter Lars Steffensen. Her står det ma. at Halvard Larsen Føyen var son til Lars Steffensen. Her er ikkje oppgitt alder på dei eldste barna Lars Føyen og Stephen Kannelønning.LenkeHelga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Beklager, det skulle stå Halvor Larson Føyen (ikkje Lars).Og her er lenke til Halvor Larson sitt ekteskap med Guro Roaldsdatter: LenkeHelga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Her er truleg far til Guro Roalsdatter, Roald Hansen Føyno Lenke.I følge bygdeboka er Roald kommen til Føyno i 1723 i staden for ein Helge. I 1724 vart det tinglese bygslebrev fråFredrik Christie Holberg til Roald Hansson på halve garden, og i 1745 får Nils, son til Ola (??), bygsel på den andre helvti frå Bernt Smidt. Så kjem ein altså fram til Halvard gift med Roald si dotter, og deretter Haagen som igjen vert far tilSissela Haakonsdatter (om alt dette stemmer då..).Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hei Helga Dette var mye-:) Jeg hadde funnet ut litt fra før. Men alt er ikke like klart. Det jeg tror jeg har er dette:1. Sidsele Haagensdtr Føyno d. 1836 (søster Kari gift med Peder Hansson Siggjarvåg)2. Haagen/Haakon Halvorsson Føyno f. ca 17393. Sissele Larsdt f ca 17254. Halvard Larsson Petarteigen g. 1740 m. Guro Roaldsdtr (er hun mor til Haakon?)8. Lars Steffensson Petarteigen ca 1695 - 17469. Ingeborg Halvardsdtr Petarteigen død 176916. Steffen Petarteigen gifte seg med ei Larsdtr. til Petarteigen - datter til Lars Petarteigen f ca 1635.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Det er ikkje heilt enkelt å halda tråden i desse slektene her. Eg har sote og leita att og fram i dei kjeldene som ligg her på arkivet frå Stord + at eg har bygdeboka på heimlån frå bibl. Veldig mykje dei same namna som går igjen og som flytter att og fram mellom gardane i Sagvågsområdet. Her er Halvard (Halvor) og Lars samt Sissel i ulike variantar i alle generasjonar, også ein del inngifte.Grunnen til at eg no arbeider med dette er eit nytt forsøk på å finna opphavet til tipp tippoldefaren min som kom hit til Kallevik (Håvik). Han heitte Jacob Larsen og eg har god grunn til å tru at han var i same slekta, nemleg son til yngste bror av Halvor Larsen Føyno. Han heitte Lars Larsen fødd 1738 under Peterteigen, og son av Lars Steffensen Peterteigen som døydde tidleg. Enka Ingeborg Halvardsdatter vart buande på garden og det ser ut til at sønene flytta rundt i området. Lars Larsen budde truleg på Jensaneset då sonen Jacob var fødd, før den tid budde han nokre år på Vikanes.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jo, jeg har fulgt med i denne posten du har inne om han, håper du finner ut av det. Hva med kirkebøkene, finner du ingenting der? Det høres sannsynlig ut at det er samme slekta ettersom så mange av dem bodde på Petrateigen en stund. mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Dei siste vekene har eg søkt fram og tilbake i det som ligg her på digitalarkivet frå kirkebøkene og trur at eg nærast har løyst gåta og funne ledda tilbake til Petrateigen. Har faktisk også funne ein del i bygdeboka når eg berre fekk nokre ledetrådar. Det som løyste ein del var då eg tok utgongspunkt i fadrane som Marianne oppgav i eit svar her på sida. Ved hjelp av bygdeboka fann eg at omtrent heile søskenflokken på Dahle, bortsett frå Zisela var involvert der, og då vart det ganske sansynleg at ho måtte vera mor til barna. Når eg då i tillegg søkte på Zidsel og Lars under 'Vigde i Stord' (kyrkjeboka) og fann at det stemte med dette paret, så løyste mykje seg. Har no oversikt over Jacob sine søsken, foreldre og besteforeldre tilbake til Steffen på Petrateigen.Manglar berre stadfesting på at Jacob busette seg på Bømlo. Men både førenamn, farsnamn og alder på han og kona stemmer med bygdeboka for Moster. Også det at han gifte seg i 1801, bygdeboka oppgir alle barna til å vera fødd etter 1800.Vedr. mor til Jacob har eg også fått info om skifte under arkivfora her. Det stemmer med alle barna. Trur det må vera faren som gifte seg omatt og budde på Isdahl. Bygdeboka oppgir ein Lars Larsen som husmann der. Han var 63 år i 1801 og gift året før med Malena Hansdatter Wathna f. 1757. Her står det også at han hadde sonen Lars f. 1768. At dei andre barna ikkje er gitt opp har vel si årsak i at opplysn. er frå ft. 1801 og at berre Lars budde med faren då.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Trur kanskje me kjem over felles slekt enno ein gong her. Ser i bygdeboka at Hans namnet går igjen på Watna (Vatna). Ser ein på Øvre Økland står det at garden truleg vart rydda av Vatna utemark. I tillegg grensar Isdahl i aust til Øvre Økland. Kanskje Malene Hansdatter Wathne som gifte seg med enkemannen Lars Larson og busette seg på Isdahl er i same familie som Hans Hanson Øvre Økland?Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Dette er fofedre til en venn avmeg som og er i slekt med mine barnebarn, så det er alstå ikke min direkte slekt.Hans Hansen Huusbonde 37 I 1ste ægteskab Bonde, jordbruger og fisker M 2250 Sissele Haagensdtr Hans kone 35 I 2det ægteskab. Larine Larsdtr Hendes datter 8, Anna Hansdtr Deres børn 4, Sissele Hansdtr Deres børn. LenkeDet er alt jeg har funnet, ingen Malene.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.