Gå til innhold
Arkivverket

[#19082] Søk etter Carl Olson i USA - håplaust namn, men..


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I Noreg heitte han Karl Johan Edvard Olsson Jarnes, og han var fødd 30.10.1863, i Ørskog (Jarnes ligg no i Sykkylven).Ei bok om emigrantane frå Sykkylven, skriven 1957, har desse opplysningane om han:'Lærarskule. Utv. til Skandia, Kansas i mai 1885. Var ei tid politikonstabel i Minneapolis. Var og i Denver, Colorado. Heimen misste kontakten med han etter nokre år. Var visst mormonarprest sidan'.Emigrasjonen ser de her LenkeHan hadde ei syster i USA, men også etterslekta hennar misste kontakten med han, og eg har ikkje greidd å finne fram til nokon som hugsar noko om han der borte heller. Eg har også kontakta mormonarane og spurt om dei har noko oversikt over sine prestar, dersom det skulle vere tilfelle at han hadde ei slik stilling, men der blei eg berre vist til Familysearch-sidene, så det hjelpte meg lite.Så dermed lurer eg på om ein av dykk dyktige 'Amerika-finnarar' kan sjå etter om de kan finne han i folketellinga 1900 eller seinare. Som eg skriv i overskrifta er Carl Olson eit håplaust namn, men når ein har fødselsår og -stad og truleg så få som 2-3 mogelege stader i 1900, KUNNE det vel vere eit håp like vel?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

Aase, er du sikker på at han brukte Carl Olson navnet?Jeg så du fikk tips om å spørre hos mormonerne, har du gjort det?Det var ingen som var indexert som Carl Olson i 1900 i ColoradoHan var ikke (som Carl Olson) i Scandia i 1900i Minnesota er dette et veldig vanlig navn, og 1900-census går ikke an å søke på annet enn navn, ikke under county eller noe.men.Når dro søsteren? Hvor slo hun seg ned? Hva het hun?Selvom etterkommerne har mistet kontakten, kan det være at søsteren hadde kontakt! Det er jo mange år i mellom.Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Som du ser i nest siste avsnitt, har eg spurt meg føre hos mormonarane, men det kan gjerne gjerast grundigare, eg veit ikkje heilt kvar det er best å vende seg.Systera Sena (Severine) Lekwa kom til Minneapolis i 1888, og Carl var der då. Det eksisterer eit hefte med oversikt over hennar etterslekt i USA, laga av barnebarnet hennar, og Carl er nemnd der, men også der forsvinn han ut i det blå. Sena døydde i Iowa i 1921.Eg ser der er eit par moment frå dette heftet eg har gløymt å ta med: 'He used the name Carl Olson at least part of the time in USA'. Om det ligg i det at dei veit han har skifta namn, eller om det berre er fastslått at han har brukt dette namnet så lenge dei veit -- tja.Der står også at han var politimann i Denver ei stund, og at han skal ha budd i ein (små-)by Shandid - det er vel det same som utvandrarboka kallar Skandia? Mormonartilknytinga blir her omtala som 'skal ha blitt aktiv i'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

Har du kontaktet et av slektssenterne her i Norge personlig (pr. telefon), eller har du bare sendt en epost? De får utrolig mange henvendelser. Jeg finner ingen som kan passe i 1900-census. Kanskje noen andre har mer lykke? Jeg lette og etter Jarn* Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.