Gå til innhold
Arkivverket

[#19143] Oluf Torsteinsen eller Torstein Olufsen Synes??


Gjest Ivar Fylling
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Eg trur eg har 'rota' litt med Synesslekta i anetavla mi. Det er det visst andre som har gjort og.I Vatneboka bd 1 s 190 står at Lars Ellendsen (Roald?), brukar i Eidsvik 1596, var gift med dotter til den rike Oluf Torsteinsen Synes.I 'Ola-garden Røsvik, Vigra' av Martinus Eliasen Røsvik, 1968, er den same Lars kalla Ellingsen, er son til ein Elling i Søvik og gift med dotter til Torstein Olsen Synes, son til Oluf Torsteinsen Synes lagrettemann i 1526, son til Torstein Jonsen Synes, son til Jon Bårdsen Synes, nemnd 1429.Eg har på mystisk vis fått Lars E. gift med Gjertru, dotter til Torstein Jonsen Synes!!Er det nokon som har eller kan anbefale, ei grei framstilling av Synesslekta, f. eks 5 generasjonar ned frå Jon Bårdsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Du kan ta til med å lese (Bjørn Jonson Dale:)''Synnesgodset og Synnesætta - or soga om den sunnmørske bondeadelen'' i verket ''I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie ca 800-1660'' side 360ff, som kom ut 1994. Der er fleire synnesdokument gjengitt i faksimile, og Synnestavla er grundig presentert med alle greiner av ætta etter Jon Bårdson.Vatneboka og Røsvikheftet er mildt sagt på gyngande grunn med sine konstruksjonar og til tider rå spekulasjonar.Eit dokument dagsett Eidsvik 8. august 1608 må vere opphav til forvirringa. Hovedinnhaldet i dokumentet (som ikkje er trykt) er slik:Gjertrud Torsteinsdatter i Vaksvik med mannen hennar, Gullik Askildson, skøytte til ærlig og velforstandig mann Jon Einarson Eidsvik og hustru Sigrid Lauritzdatter, som er hennar søskenbarn, odelsjorda Sollid i Ørskog, som hennar salige far Torstein Olson hadde selt til salig Søren Andersson, før rådmann i Bergen, og etter denne hadde svogeren hans, Michel Jensson, hatt garden, men då ha var ein ''fremmedt och vdlandsche født och baaren mandt'' hadde Jon Eidsvik med rette vunne garden tilbake.Gjertrud Torsteinsdatter i Vaksvika var altså datter av Torstein Olson på Synnes), son av Olaf Torsteinson, son av Torstein Jonson, son av Jon Bårdson. Dette er greitt.Gjertrud var vidare søskenbarn til enten Jon Einarson eller kona Sigrid Lauritzdatter. Ein har rekna med at Sigrid var datter av lagrettesmannen Lauritz Erlendson i Eidsvik (nemnt 1596 og 1597), og dette kan vere rett. Vidare har ein rekna med at Lauritz var son av ein ''Elling'' i Søvik som er nemnt 1520 og 1538, fordi seglmerka til ''Elling'' og Lauritz var like. Dette kan vere rett, men like gjerne heilt feil.I alle fall: Lauritz Erlendson i Eidsvik kan godt ha vore gift med ei søster av Torstein Olson på Synnes, men slektskapet er ikkje stadfesta.Det finst ein del andre dokument som eventuelt kan vere med på å avgjøre nokre av dei opne spørsmåla ovafor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Bjerkevoll

Jeg har en annen arverekke tilbake til Synes-slekta (også tatt med i en annen tråd i dag).'Jon Jonson Røsok Gjelsten (1687) son til Jon Røsok Harøy, som til Anders Røsok, som til Knut Røsok, son til Olav Godøy, son til Olav Synnes- osv. attover'Kan noen si om det er noe hold i denne påståtte arverekken?hilsen Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

På side 366 i ''I balansepunktet osv'' finn du faksimile av eit dokument fra 1616 som gjeld etterslekta til Olaf Torsteinson. Det heiter der at han åtte 6 søner, og mellom dei var ''Oluff i Gudøenn haffuer en Sønn heder Knud rødsock''. Anders Røsok, nemt 1620, var son av Knut Røsok, son av Olaf Olafson Godøy, son av Olaf Torsteinson Synnes, son av Torstein Jonson, son av Jon Bårdson, nemnt 1429.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.