Gå til innhold
Arkivverket

[#19403] Veøy/Nesje til Ulla? - til tema 19285


Gjest Ivar Fylling
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

I tema 19285 står nemnt to brør:'... Arne Jonson og Trond Jonson, tingsvitne (tinget på Frei, Nordmøre) på at dei var rette arvingar til gardane Ytre og Indre Nesje i Veøy ...'1) Kan Trond vere morfar til søskenflokken Saxe, Johans, Anders, Inger, Gunnhild og Tore, borna til Erik Jonsen Ulla?2) Kan Arne vere oldefaren, dvs farfar til Erik Jonsen Ulla f ca 1520?Dersom både 1 og 2 er rett, må Erik Jonsen ha vore gift med eit søskenbarn av faren sin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Nei, det var Arne Jonson sin son, Jon Arneson, som tok over heile godset i Nesje. Derfor er det nok Jon Arneson som er, mest trulig, bestefar til søskenflokken. Men han kan like gjerne ha vore morfar som farfar.Erik på Ulla (kor står det at han budde der)er ikkje nemnt med farsnamnet Jonson noken gang, så vidt eg kjenner til. Kor har du dette namnet fra? I tilfelle det er fra M Rogne: Haram, er det fri fantasi, som mykje anna i Rogne sine skrifter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Namna på søskena har eg frå Rognes 'Haram'. Han plasserer Saxe og Johans på Ulla. I avsnittet etter nemner han ein Erik Jonson Ulla. Han skriv ikkje at han er faren til Saxe, Johans & co, så det er nok mi 'kortslutning'. Antydninga om at ein Trond Jonson på Ulla nemnd 1520 skulle vere morfar(?) til søskenflokken, slik det står i boka, er 'umuleg', ifølgje ein som har lese boka før meg. Den same lesaren har kommentert ein grovare feil,s 49-50, der Rogne forvekslar Langvin i Nordfjord med Longva. Så at boka må takast med ei klype salt er eg klar over! Takk for korreksjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.