Gå til innhold
Arkivverket

[#19521] Brynjulf Olsen fra Grevle i Voss.


Gjest Karen Østvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Karen Østvik

Heisann.Er det noen som kan hjelpe meg med litt opplysninger fra gården Grevle i Voss. Angivelig skal Brynjulf Olsen være sønn av en Ole Brynjulfsen, Brynjulf og eller Ole skal ha emigrert til USA. Kan dette stemme? Jeg spør for en slektning av meg i USA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karen Østvik

Jeg har dessverre svært få opplysninger. Det jeg vet er at familien antagelig er fra gården Grevle. Brynjulf eller Brynjel som han het i USA hadde en søster (Carrie, muligens Kari i Norge) som var født i 1859. Begge skal være født i Norge. Brynjel tok etternavnet Gravley i USA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleiv Kløve

Litt om Olav Brynjulvson Grevle og slekta hans.Foreldra Brynjulv Jonson Kolve (1756-) og (andre) kona Torbjørg Sjursdr. Lassehaug hadde gard på Kolve som dei i 1821 bytte i gard på Grove. Dei hadde borna Jon (f.1819), Sjur (f.1821), Marta (f.1814) og Olav (f.1827).Sjur Brynjulvson gifte seg 1848 med enkja Brita Andersdr. Grevle og fekk gard på Grevle. Dei hadde to born, Lars (f.1849) og Torbjørg (f.1851). Brita sin son frå fyrste ekteskap, Anders, overtok garden i 1845.Marta Brynjulvsdr. gifte seg 1856 med Peder Larson (Hole) og dei emigrerte til USA straks etter. Dei budde ulike stader, men slo seg til sist ned i Faribault county. Dei hadde seks born, m.a.: Anna, Bertha, Lars, Christian, Gurma.Olav Brynjulvson, gift med Sigvor Aslaksdr., var husmann på Grevle i 1870. Familien er med i folketeljinga 1865, men ikkje i 1875, så dei har reist til USA mellom 1870 og 1875. I 1880 finn vi dei i folketeljinga for Illinois Lenke . Dei budde fyrst i Faribault county, seinare i Murray county, nær Balaton der dei var farmarar. Dei hadde borna Jorund, Brynjulv g.m. syskenbornet Bertha Larson (dotter av Marta og Peder Larson), Kari, Aslag, John, Nils, Bertha g.m. Christ Erikson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karen Østvik

Tusen takk for hjelpen! Min slektning i USA er barnebarnet til Brynjel og Bertina (Brynjulv og Bertha). Vet du om det er etterkommere etter Brynjulv og Torbjørg som bor på Grevle i dag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleiv KLøve

Brynjulv og Torbjørg hadde to born som budde på Grevle, Olav som var husmann der til han reiste til Amerika med familien (ca. 1870) og Sjur. Det var stesonen til Sjur som overtok Grevle, så Sjur sine etterkomarar er ikkje der. Han hadde to born, ein son son Vossaboka kallar Lars, medan folketeljinga i 1865 listar han som Sjur; og ei dotter Torbjørg. Eg veit ikkje kva som hende med dei. Eg har ikkje funne dei i folketeljinga 1875.Brynjulv og Torbjørg sjølve budde ikkje på Grevle etter det eg veit. Dei kjøpte Grove i 1828 og selde att i 1834. Kvar dei budde seinare veit eg ikkje. Sonen Jon kan vera den Jon Sjurson som reiste til Amerika i 1843 Lenke (Graue kan vera feilskriving for Grove). Det verkar difor lite lovande å finna etterkomarar etter i Brynjulv og Torbjørg i Noreg.Som eg har nemnt overtok stesonen Anders bruket på Grevle etter Sjur Brynjulvson. Hans soneson (Anders etter det eg hugsar) hadde garden på 1950-talet. Om det framleis er hans slekt der veit eg ikkje (men desse er då ikkje slekt med din kontaktmann i USA, berre inngifte).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.