Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#19654] Gjertrud Stangesdtr. f ca 1707 - sjeldent namn?


Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Gjertrud Stangesdtr. bor på Kjerstad i Haram i 1747, blir 12 nov 1747 g m Ole Ågesen Alvestad, får ei dotter 1748,døyr mai 1754. Ho er innskriven i kyrkjeboka (Palmar Fjørtofts avskrift) 2 g. som Stangesdt. 1 g. som Stangersdt. Eg har ikkje sett namnet Stange andre stader. Er det nokon som kjenner dette namnet?

Gjest Bjørn Jonson Dale

Mannsnamnet Strange blei brukt i ein bergensfamilie på 1600-tallet:Lenkejf også Stranges Fattighus i Bergen.Ei Marte Strangesdt (c1707-71) ekta i Borgund 1744 Elling Olsen i Einarvika, Ålesund. Ho var fra ''Rakkevåg'', rimeligvis Rakvåg (på Miøya). Rimeligvis var ho søster til Kirsti Strangesdt (c1711-66), ''madam Schiorters pige'', i Ålesund.Marte Strangesdt i Einarvika døde barnlaus, og einaste arvingen hennar var ei Synneve Olsdt, datter av Anne Strangesdt.

Gjest Ivar Fylling

Rakvågen (på Otrøya) var eit godt tips! Johan Julnes, som arbeider med gards- og slektssoge for Misund og Fræna, har registrert ein Strange Olsen som er brukar i Rakvåg omkring 1700, truleg gift med enkja etter den forrige brukaren. Takk for hjelpa!

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.